tirsdag, juni 13, 2017
Dagbok 2017: 13.juni
Klokka er 18.20, temperaturen er + 15 grader C og det har vore ein del regnbyger i dag; akkurat no er det opplett.
I dag har eg ikkje gjort mykje til gagns og ikkje har eg trimma. Eg sit her med verdens dårlegaste samvit og lurer på om eg kanskje skal gå ned i hagen og grave opp ei hole eller to, eventuelt tømme kompostbingen eller stusse hekken, eller.......nei, det er for mykje å velje mellom, så eg trur heller eg slappar av litt til. Må no halde Nils med selskap innimellom også. Vi har forresten nettopp kosa oss med rabarbrakake(Solveig) og krem, noko som ikkje verka særleg godt på samvitet mitt.
I dag har eg skeia ut på meir enn ein måte. Altså ikkje berre med mat. Klokka 11.00 presis kom veninna som avtalt og vi reiste til Volda på shopping. Vi fekk jammen handla ganske mykje på den stunda vi var vekke. Eg fekk meg bukse, jakke, korterma overdel, langerma genser og ny handveske. Til Nils kjøpte eg ei fin T-skjorte, han må no av og til få noko nytt han også. Som eg plar seie: Vi treng ikkje ha gamle klede sjølv om vi er gamle! Og sant å seie trong eg verkeleg noko nytt til kvardags, "besteklede" har eg nok av.
Eg fekk også kjøpt meg garn slik at eg får strikke fleire lestepar. Eg kjøpte Regia, som vanleg, men såg Hakkespettgarn på ein annan butikk. Det eg manglar no er tynt, sterkt garn, men det blir nok ei råd med det også. Ingenting som hastar.
Nils hadde klart seg godt åleine dei 2,5 timane vi var borte. Han har mykje selskap i TV-en. Og i dag fekk eg fiksa Laptopen, så no funkar den igjen. Nils kan sitte ei stund med den, men har litt problem med å skrive sidan han er litt skjelven på hendene. Han er alltid interessert når nokon legg ut bilde av fiskefangsten sin. Han lengtar nok ofte ut att til båten og sjøen. Men han klagar ikkje. Vi har hatt besøk av to HBO-ar i dag, og ventar den tredje klokka 20.00. I dag var eg oppe i god tid før den første kom.
I morgon skal eg handle i lag med ei anna venninne. Då skal vi bort i Furene og handle på Coop der, så då får eg hamstre meir mat. Og kanskje andre ting også. Vi fer herifrå klokka 11.00.
mandag, juni 12, 2017
Dagbok 2017: 12.juni
Klokka er 18.05, temperaturen er + 17 grader og det ser ut til at vinden skal klare å blåse vekk skyer og skodde. Ser i alle fall streif av sol.
Siste to nettene har eg sove lite og dårleg. Sist natt låg eg og kava til klokka var 4 før eg sovna, men då HBO kom og ringde på ein halvtime før forventa-DÅ sov eg, men Nils høyrer dørklokka, så eg kom meg opp i ein viss fart. No har eg stilt mobilen på vekking ein halv time før. Det er berre bra at dei kjem tidleg så slepp Nils å faste så langt utover føremiddagen, men etter så mange år som pensjonist er det uvant å ha vekkerklokka på.
I dag hadde vi, dvs. Nils, legetime klokka 11.00, og taxien kom og henta oss til avtalt tid. Nils vil at eg skal vere med på alle konsultasjonar, slik at eg også får høyre kva legen seier, i fall han skulle gløyme noko. Vi trefte fleire vi kjenner på legesenteret, kjekt, for Nils spesielt, å komme ut blant folk. Legen kunne berette at blodprosenten ikkje hadde gått ned, men OPP. Det var meir enn vi forventa.
Taxi heim att også, men då vi kom heim måtte Nils legge seg nedpå litt, han hadde hatt ein travel dag.
Eg hadde lagt i vatn klippfisk i går, og begynte å lage til bacalao. Det var så lenge sidan sist at eg måtte sjekke nettet for oppskrift. Om eg ikkje hadde absolutt alle ingrediensane som skulle til, blei retten godt etande. Det er kjekt å lage mat no når Nils har fått att smaksansen og har lyst på mat. Aberet er at eg sjølv et for mykje, det var ikkje så mykje eg åt sjølv heller då Nils ikkje skulle ha noko.
Men før vi åt fekk vi besøk frå Hjelpemiddelsentralen. Nils hadde nemnt for heimesjukepleien at eg høyrde dårleg og hadde problem både med dørklokka og telefonen (Særleg når TV-en står på). No skal vi få forsterkarar både på det eine og det andre. Ja, som eg seier, no ligg vi med sugerør langt ned i statskassa. Men denne gongen går det i mitt namn, sidan Nils høyrer veldig godt. Derfor er ikkje problemet så stort når han er heime.
Margrete og Erlend kom på besøk, og dei ville gjerne ha bacalao, så vi vart kvitt litt av resten. På Spar har dei klippfisk i store flak (heile fiskar) i dyre pakkar etc. men også små pakkar som høver for ein vanleg familie. Lettvint med fisk som er delt opp i små bitar, klar til bruk, men ein må vatne dei natta over. Fisken var god!
No er Nils og eg her åleine, men får nok besøk ein gong til - i 20-tida.
Eg føler på at eg har fått for lite mosjon siste dagane, men no skal eg i alle fall ned i kjellaren og hente opp ein klesvask som skal leggast i hop.
Eg har ein jobb som står på vent, eg skal klippe nokre busker og male opp på kompostkverna, men då må eg ha litt tid på meg, nyttar ikkje med ei kveldstund. Eg likar å jobbe ute, og det er alltid noko å gjere når ein har hus og hage.

søndag, juni 11, 2017
Dagbok 2017: 11.juni
Det blir sagt at det er eit fabelaktig rhododendron-år i år. Og slik ser det ut - hos naboane. Vi kjøpte eit par busker for 2-3 år sidan og den eine har faktisk kome med nokre få duskar i år. Vi har ein av den raude sorten også, den har alltid blomstra normalt, men er avblomstra for i år.
Klokka er 19.30, temperaturen er +15 grader og i ettermiddag har det regna ein del. Tidlegare i dag var det ganske fint, og eg sneik meg ut og gjorde litt stillferdig hagearbeid mens Nils slappa av. Elles har eg gjort lite og ingen ting. Laga ein slags Taco til middag utan for mykje sterke krydder, for nils toler ikkje det lenger, sjølv om vi begge likar det.
Elles har eg strikka litt mens eg høyrde lydbok på data, men måtte legge vekk strikketøyet etter at eg tre gonger heldt på å sovne med pinnane i handa-det kunne blitt katastrofalt. No har eg vakna til live igjen, og Nils vil ha kveldsmat. Den siste HBO-en for i dag har vore her. Det blei sprøyte midt på dagen i dag også, men ikkje morgon og kveld. I morgon blir det litt morgonstress for vi skal vere hos legen klokka 11.00. Taxi er bestilt. Legen ville ha ein ny måling av blodprosenten, på legesenteret har dei ein dings som dei stikk i fingeren og får svar med ein gong. Og så får vi ta det derifrå. Går blodprosenten ned, blir det blodoverføring, det er ikkje så mykje anna å gjere, men det er no ikkje så dramatisk. Det er berre det at då må han bort på sjukehuset for dei gjer det ikkje her. Eg har aldri vore blodgivar, og eg veit ikkje kven som har gitt blodet som Nils har fått, derfor må eg takke ALLE som har gitt blod og på den måten hjelpt folk som er sjuke.
Eg har skrive opp alle avgangstidene for hurtigruta- frå Ålesund til Kirkenes, slik at vi kan halde greie på kvar naboane er til ei kvar tid. Ser med stor glede at det er gode vêrmeldingar for Nord- Norge.

lørdag, juni 10, 2017
Dagbok 2017: 10.juni
Klokka er 19.45,temperaturen er + 15 grader C og det regnar ute no i kveld, tidlegare i dag var det opplett og sommartemperatur.
Først litt om bildet over. Vi har 11 barnebarn, 8 av dei er gutar, fleire av dei spelar fotball, men Vebjørn, den midterste guten til Rasmus og Wenche har valt ein annan idrett, nemleg taekwondo, ein kampsport. Og då stig ein i gradene, han har no fått grønt belte, eit teikn på framgang. Viss eg ikkje tek feil driv han også med basketball. Det er interessant å følgje med på det dei unge held på med-men det er langt til Kongsberg. Har ein mistanke om at bildet vart litt langstrakt då eg kopierte det.
I dag fekk eg støvsuga teppegolva før middag, og så var eg ute og grov opp enda ei rot, før eg varma ein kjøpepizza. Nokså lettvint, men godt.
Nils er, som eg har skrive mange gonge før, ikkje særleg i form tidleg på dag, men så går det brasten av dagen.
Ein av naboane stakk innom før dei skal på langtur, og i 16-tida kom Solveig. Ho og eg for på handletur. I dag hadde eg ein del å utrette, men eg hadde laga ei skikkeleg huskeliste, så eg kom heim med alt eg skulle ha. Vi drakk kaffi og prata ei stund før ho reiste heim att.
I tillegg til desse besøka har her vore tre HBO-ar, så vi slepp å kjede oss. No har eg ein mistanke om at det er fotball på TV i kveld, men eg kan sjå TV på datamaskina, eller lese lydbok-så det er ikkje noko problem. Viss eg finn meir brukbart restegarn kan eg strikke også.
fredag, juni 09, 2017
Dagbok 2017: 9.juni
Klokka er 19.20, temperaturen er + 17 grader og det har vore ein fin lettskya dag med sommar-
temperatur og ein god del sol.
Nils er litt "slått ut" etter at han har fått medisinen sin om morgonen, dei fleste dagar, og i dag sovna han etter frokost. Mens han slappa av og kom seg til hektene vaska eg bad og kjøkken. Skulle sikkert ha støvsuga teppegolva også, men eg hadde meir lyst å klippe plen, så støvsuginga får vente til i morgon. I dag klipte eg plenen rundt huset, så no kom eg i mål denne veka også. Elles er det vanlegvis både oppvask, klesvask og anna som må gjerast. Men eg er i bra form og har mykje energi.
Til middag i dag hadde vi salta lange, det er nesten eitt år sidan vi sist hadde denne delikatessen, for Nils har ikkje orka å ete fisk-med unntak av laks. Men i dag smakte langa heilt fortreffelig med mandelpotet, gulrot og meierismør til. Flatbrødet vårt har ikkje vore framme på lenge, så det var forelda. Eg kneip det sundt og kasta det ned på plenen, håper fuglane et det opp. Eg likar dårleg å kaste mat-men å fóre fuglane er heilt OK.
Etter at vi hadde ete middag og drukke kaffi etc. var eg ute i hagen og spadde opp to digre blomsterrøter-det var litt av ein jobb. Men dei var så infiltrert med ugras at dei måtte berre vekk. Skal ta opp fleire røter seinare. Når eg er åleine om hagestellet må eg forenkle litt -og gjerne lage litt meir "plen".
I morgon kjem Solveig innover og så skal vi handle; eg har alt laga ei lang liste, og lenger skal den bli. Ringde legesenteret i dag og bestilte reseptar til meg sjølv, oppdaga at eg var nesten lens for fleire sortar, både reseptbelagde og andre tablettar, så det blir ein tur på apoteket også.
Nils har ikkje fått insulinsprøyte i dag, men vi har enda eitt HBO-besøk til gode. Det er berre så fantastisk at han kan få vere heime no, i staden for å vere "innesperra" på ein institusjon i sommarvêret. Godt både for han og godt for meg. No har han vore heime i snart 6 veker. Vi er glade for kvar dag vi får ha det slik.
Sidan det er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle ei god helg.
torsdag, juni 08, 2017
Dagbok 2017: 8.juni
Klokka er 20.50, temperaturen er + 16 grader C og vi har hatt nokre regnbyger etter middag. Bra for gjødselen!
Før middag var det fint og varmt sommarvêr, så då var eg ute. HBO-en kom i 9-tida, så vi kom tidleg i gang i dag. Forma til Nils er nokså stabil, best når det lid på dag.Det er ein fordel at HBO kjem i rett tid, så får han ta tablettane og ete frokost før det lid for langt på dag.
Eg bestemte meg for å klippe plenlappane opp mot vegen, for der hadde eg ikkje gjødsla så mykje. Etter at eg hadde klipt der, brukte eg kantklipparen nede i hagen til det vart tid å begynne på middagen.
Sidan vi venta Einar laga eg kjøttkaker, for det veit eg han likar. Laga like godt dobbel porsjon, det går for det samme. Hadde ikkje meir Toro-saus, så eg måtte til å brune sjølv, det er for så vidt ikkje noko problem. Eg gjorde alt klart og sette på potetene før eg gjekk og dusja.
Då var Einar komen. Det er kjekt å ha besøk, og eg trur han sette pris på middagen-han ville ikkje ha dessert etterpå i alle fall. Ein HBO kom plutseleg, eg forstod ingenting, men klokka var faktisk blitt 15.30.
Gudmund kom att med bilen vår, og eg var inn på Nettbanken og betalte rekninga : 9222,-kr, men då hadde dei også installert DAB-radioadapter, Nils hadde bedt om det.
Etter at Einar reiste har eg ikkje gjort mykje. Må sjå litt TV i lag med Nils, han kan ikkje sitte der åleine heile tida, så har eg strikka litt og høyrt lydbok. Dagane går fortare enn eg likar, og snart snur sola.

onsdag, juni 07, 2017
Dagbok 2017: 7.juni
Bilda er tatt frå altanen klokka 23.30. Sjekk månen over Melshornet. Lys sommarnatt.
Klokka er 19.40, temperaturen + 16 grader C, det er lett overskya, men det regnet som har kome til denne tid er ikkje noko å skryte av.
Eg gjødsla i går, slik at regnet skulle løyse opp gjødselen, det har ikkje skjedd enno.
Sidan vêret vart så mykje betre enn forventa tok eg ei arbeidsøkt i hagen før middag. Nils vart litt utslått av tablettane i dag tidleg, så han fekk kvile ei stund, mens eg var ute. Sidan har han vore bra.
Han gjekk på vekta i går kveld og vart gledeleg overraska då han har kome opp i vekta han hadde før han begynte på behandlinga i fjor i april. Eg har gjort mitt og fora han med kaloririk mat, med stor fare for at det skulle verke på meg også. Derfor må eg passe på å trimme mest mulig. Det blir mindre trim no enn den tida eg reiste til Volda kvar dag, eller gjekk fram og tilbake på Ørstaheimen då han var der.
I dag har eg ikkje gått verken hit eller dit, men eg klipte heile skråninga med oppsamlar med den nye klipparen min. Ja, eg kallar den MIN for i dag har eg betalt den: 2990 kr. Eg plagast litt med å starte den, men får det til! Eg har også lært meg å fylle bensin på tanken. Om ikkje Nils kan gjere så mykje, så kan han i alle fall lære opp meg. Men vi har snakka om at eg må få meg ei 5-literskanne til bensin, no brukar vi den samme som blir brukt i båten, den er på 10 liter. Eg kjem vel til å "mase" litt på barnebarna når dei får ferie.
I dag har Gudmund (nabo) køyrt bilen vår bort på sørvis-verkstaden, og han hentar den att i morgon.
Nils har stressa litt med sørvis og EU -kontroll. Når han ikkje kan ordne opp sjølv, blir det eit problem for han.Vi må berre innrømme at vi treng litt hjelp, sjølv om vi helst vil klare oss sjølve.
Vi fekk litt problem med TV-en då vi fekk att straumen, men Nils fekk det til, til slutt. TV-en er den eg kan minst med her i huset, den har alltid vore Nils sitt ansvar.
No i kveld har eg vaska "rundt" på kjøkkenet, det er ein del av vekeplanen min. Eg hadde fått heimehjelp på dagen om eg ville, men klarer husarbeidet sjølv utan problem. Enn så lenge.
I dag fyller Arild i Kversøyna 55 år. Han var liten baby, men var med til Bergen då Nils og eg gifta oss der for så lenge sidan. Gratulerer med dagen Arild!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...