tirsdag, juni 06, 2017

Dagbok 2017: 6.juni

Olaug frå 0 til 20


I dag kan vi gratulere Olaug med 20 -årsdagen.

Klokka er 19.35, temperaturen kom brått opp i + 17 grader ute, det er opplett og fint. Tidlegare i dag regna det nokså kraftig. Vi har hatt ein fin dag ! 
Sidan Nils skulle til legen i dag anbefalte eg ein sovetablett i går kveld, slik at han skulle sove godt og vere i god form i dag. Og slik vart det. Etter at HBO hadde vore her og Nils hadde fått medisin og mat, hjelpte eg han slik at han fekk dusje og barbere seg og få på seg reine klede. Det er slike småting han har lært seg å sette pris på etter alle opphalda på sjukehus og -heim. Nytt smerteplaster fekk han også.
Taxi hadde vi bestilt på legesenteret og den kom og henta oss presis.
Legen var ikkje så presis, så det vart ganske langt opphald på venterommet. Men der fekk Nils straks ein ny kamerat; han kjende mannen av utsjåande, men har aldri snakka med han før. Men han kjende Nils gjennom Matias og FB, så det vart prat om FISK. Kjekt for Nils å oppleve litt når han ein sjeldan gong forlet godstolen.
Hos legen var det fort gjort. Det blei tatt ei prøve av blodprosenten, og den var ikkje så låg som sist den blei målt, så det art ikkje gjort noko med det. Han har ny legetime komande mandag. Heim att fekk vi også taxi, denne gongen ein 8-seter. Det blir ofte klaga over helsetenesta, men jammen er det mykje som funkar bra også. VI skal i alle fall ikkje klage.
Då vi kom heim regna det, så eg kunne ikkje gjere noko ute, og inne var det ingen ting eg måtte gjere. Derfor tok eg meg ein liten trimtur på butikken i regnvêret. Skulle ha berre noko lite, men kjøpte opp i to nett, slik at eg fekk jamvekt.
Då eg kom heim begynte eg å førebu middagen, men så dukka ei av nabodamene opp med eit fint smørbrødfat til oss. Då blei det lunsj i staden, og middagen sett på vent. Derfor har vi nettopp ete middag, nydelig ovnsbakt laks med agurksalat og rømme i dag.
Mellom lunsj og middag var eg ute i hagen ei stund. Gjødsla plenane med resten av gjødselen som Solveig og eg kjøpte. Plantane hadde eg gjødsla før. Drog laus litt meir av eføyen på muren, men det blir eit langt lerret å bleike.
Fekk ei lita overrasking då eg såg at den eine rhododendronen hadde begynt å blomstre. Eg hadde faktisk gitt den opp.
No har eg kokt kaffi som vi skal kose oss med framfor TV-en. Den siste HBO-en har vore her, så no kan vi slappe heilt av. Ingen insulinsprøyter i dag.

mandag, juni 05, 2017

Bok nr 18 - 2017: Hakawati historiefortelleren


En hakawati er en historieforteller. Osamas bestefar var en av de beste, og han var viden kjent for sine fortellinger om Libanon, den tyrkiske krigen og hvordan han fikk tilnavnet al-Kharrat, skrønemakeren. Nå er Osama vendt tilbake til Beirut fra USA. Hans far ligger for døden. Familien samles rundt sykesengen og gjenoppdager det som har betydd mye for dem; sladder, latter og - nettopp - fortellingene. Også det libanesiske folket og deres kamp for overlevelse skildres med stor innlevelse. Rabih Alameddine viser at han er en ekte hakawati og veksler mellom samtidfortelling, fabler og gamle legender. Boken er på en og samme tid en gripende og sterk familiekrønike og vår tids Tusen og en natt.
................................................................
Eg begynte på denne boka under tvil, fordi eg ikkje hadde noko anna.Eg har ikkje så mykje tid å lese, så mange dagar blei det nesten ingen ting. Eg kom meg gjennom dei 18 CD-ane på ein måte, men har litt problem med å vurdere boka. Rammefortellinga er grei, den handlar om familien til Osama og heile slekta. "Fortellingane" som dukkar opp både titt og ofte har eg meir problem med. Personane i desse er henta både frå det gamle testamentet og frå diverse mytologiar, og eg veit ikkje korleis eg skal tolke dei. Eller skal dei ikkje tolkast? Er det ein slags allegoriar-eller ikkje?  Eg trur at skal ein gi seg i kast med denne boka, må ein velje papirutgåva-det skulle i alle fall eg ha gjort. Det er Obama som har forteljestemma i boka, og derfor forvirrar det meg litt at det er ei dame som les. Eg måtte nesten le forresten når ho las ordet bakkanal som bak-kanal.

Dagbok 2017: 5.juni

Klokka er 18.40, temperaturen + 13 grader og det har stort sett vore opplett i dag. For ei stund sidan kom det ei bitte lita regnbyge.
Dette har vore ein laber dag, vi har stort sett berre slappa av. Nils sovna etter tablettar og frokost, men har vore relativt bra etterpå. I morgon blir det litt meir ståhei, for då skal han møte hos fastlegen klokka 11.50. Drosjen kjem litt over halv 12. Eg skal vere med; han vil det slik. Det er vel først og fremst blodprosenten det gjeld, fastlegen skal vel bestemme om han skal ha blodoverføring eller ikkje. Det er lenge sidan Nils har vore til fastlegen no.
I dag kom HBO til avtalt tid-det er ein fordel, sjølv om eg alltid er oppe i god tid.
I dag har eg stort sett lata med. Strikka litt, sette på ein klesvask -som eg la i hop seinare, laga middag, rydda etc. Eg går Nils "til hånde", gir han medisin og mat....... og sånn går no dagane. I morgon er det 5 veker sidan han kom heim frå Ørstaheimen. Heilt utruleg at det har gått bra så lenge. Er takknemleg for kvar dag  han kan vere heime og vere såpass bra.
Birte og Håkon var innom i går kveld, elles har vi ikkje hatt anna besøk enn HBO-ane, men dei er kjekke dei.
Det har ikkje vore fotball på TV i dag, så eg har ikkje fått lese ut boka mi enno.

søndag, juni 04, 2017

Dagbok 2017: 4.juni

Utsikt frå godstolen i dag klokka 18.00

Naboen har bode til at eg kan få ein bit av løytnantshjertene deira, om ikkje Margrete har fått tak i.(Eg har zooma veldig, for bildet er tatt frå altanen vår)

Klokka er 18.20, temperaturen er + 16 grader, og etter ein veldig grå dag held det no på å lysne opp. Det er til og med litt sol ute. I dag har Nils vore i bra form heilt frå morgonen av. Eg stod opp klokka 8.30, og HBO kom 8.45, så vi fekk ein flying start på dagen. Trur det er viktig at Nils får mat rett etter at han har tatt medisinen sin. Det er om morgonen han får all medisinen, resten av dagen får han berre Paraset.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann utom det heilt naudsynte. Eg har heller ikkje vore ute. Hadde tenkt å lage ein skikkelig middag, men så fekk Nils lyst på eine pizzaen eg kjøpte i går. Eg sprita den opp med litt meir på toppen og serverte grønnsaker til, så det blei eit bra måltid. Kjekt når det er noko han har lyst på, etter å ha tvinga i seg mat i over eit år.
Det er to HBO-ar som er så like at vi somme gonger tek feil av dei. Den eine er frå Tana i Finnmark, den andre frå Sykkylven. Sjølvsagt er det litt skilnad på dialekten, men ikkje så mykje. Vi har funne ut korleis vi skal sjå skilnad, men i dag tok Nils feil. Men ho berre lo og sa at "no tek du feil av med og....." Det var ho så vant til. Så då er det ikkje berre vi som har problem.
Nils har funne opp til fleire fotballkampar i dag, og mens han ser fotball sit eg på datarommet og strikkar og høyrer lydbok. No har eg berre tre plater att av den eviglange boka på 18 CD-ar. Eg skulle aldri ha begynt på ei så lang bok, når eg har så korte leseøkter. Dessutan egner ikkje boka seg for lyd,, men det får eg skrive om når eg kjem så langt at eg skal blogge den. I kveld skal eg sjå "Nytt liv i East End" og så skal eg ta opp Beck. Men Beck er ikkje den samme utan Michael Persbrandt.
I dag fyller nabo Anne Elise 70 år. Dei feirar dagen hos yngste sonen i Oslo-området.
Gratulerer med dagen, Anne Elise!



lørdag, juni 03, 2017

Dagbok 2017: 3.juni

Dette utsiktsbildet frå altanen vår, har eg lagt ut i ørten variantar, men dei er alltid ferske. I dag legg eg ut dette for å vise korleis utsikta vår mot fjorden forsvinn når det kjem lauv på trea. Eg kunne tenkt meg å gå berserk med motorsag. Elles var det ein fin morgon.

Klokka har nettopp passert halv åtte, temperaturen er + 16 grader C men tidlegare i dag var det varmare, sikkert over 20 grader, men det har vore til dels kald vind.
Eg var tidleg oppe i dag og åt frokost åleine, for HBO-en kom seinare enn forventa, og Nils får ikkje ete før etter at han har tatt prøve. Han var ikkje heilt i form i dag morgon heller, men kom seg ut på dagen.
Eg var ute og jobba litt i hagen før middag, og gjorde litt husarbeid innimellom. Då det lei på gjekk eg ein tur ned på Kiwi og handla opp i eit par nett. Så hadde eg den turen, før vi åt lunsj. 
Seinare låg eg på altanen med lydbok og sovna, etterpå var Nils ute.
I dag kom den nye leigebuaren med det første flyttelasset, ho flyttar offisielt inn den 15. I dag hadde ho med seg mor si+ ein kar med stor bil. Mora var fornøgd med at ho hadde fått "tømt" ei loftstove heime i Molde.
Birte og Håkon var innom, dei tenkte seg ut og fiske, men var litt i tvil, sidan det blés litt, men dei skulle no ut og sjå.
Nils ville ha Håkon til å sjå på den nye klipparen som eg ikkje har fått start på siste par dagane. Eg har hevda at den var tom for bensin, noko Nils heldt for heilt urimeleg. Eg køyrde klipparen opp i garasjen, fylte på bensin, og starta den sjølv. Så dei må ikkje tru at gamla ikkje har peil.
Det var litt kjekt å sjå at nabo Solveig var komen att frå Molde, for det var så tomt i gata, mange som er vekkreiste i pinsa. I morgon er det meldt regn, så eg skulle eigentleg ha gjødsla-eg har fått "plendilla"-vil ha like fin plen som naboen.
Nils har funne ein fotballkamp, men eitt eller anna må det no vere å sjå på TV i kveld. Synest det er kjipt når dei sender repriser i beste sendetid i helgane. Det er faktisk folk som ikkje har så mykje anna dei kan gjere enn å sjå fjernsyn, og eg snakkar ikkje om meg sjølv.


fredag, juni 02, 2017

Dagbok 2017: 2.juni

Kari Gunn


Klokka er 20.05, temperaturen er 16 grader C, og til denne tid har det vore opplett, men no kom regnet.
Nils var ikkje heilt i form i dag tidleg, men kom seg utover dagen, etter å ha fått medisin og mat. Han fekk legg seg nedpå ei stund mens eg støvsuga og vaska til helga.
Her var eit visst behov for opprydding. Litt klesvask og anna husarbeid gjekk også unna. Vi åt middag i 14-tida, og etterpå vart eg så trøtt at eg sovna med lydbok på øyret i godstolen. Vi er ikkje så flinke å legge oss tidleg om kveldane, og eg vaknar i skikkeleg tid om morgonen likevel.
I dag skulle Solveig og Olaug komme ein tur, men eg trong ikkje å handle, så eg fekk dei berre til å kjøpe kaffi og melk. Kaffi kjøper vi hos Lefdal i Furene, så det er litt tungvint for oss, derfor leiger eg Solveig til den jobben. Dei hadde fått i oppdrag å kjøpe med seg kaffimat også, så vi hadde litt av kvart å kose oss med. Kjekt med besøk, og i dag har det ikkje vore andre her, berre feiaren og han var på taket.
Olaug er ferdig med studiane for dette semesteret, men skal tilbake til Bergen for å flytte når ho får tak i ny hybel. Ho er ferdig med eitt år av tannlegestudiet no.
I dag fyller to av kusinene mine 75 år, dei er tvillingar; den eine bur i Skjåk, den andre i USA. Då vi vaks opp var eg mykje eldre enn dei, no er det berre to år som skil oss. Gratulerer med dagen Kari Gunn og Helene Eva.
Det er mange av naboane våre som reiser vekk i pinsehelga, men vi blir her. I morgon ventar vi besøk av den nye leigebuaren vår, Silje. Ho skal flytte inn i kjellarleilegheita denne månaden.
Vi vil ønske alle som les bloggen ei god pinse, anten de er heime, som vi, eller ute og fartar.

torsdag, juni 01, 2017

Dagbok 2017: 1.juni

Klokka er 21.00, temperaturen er +11 grader C. Det har vore overskya i heile dag, litt regn tidleg på dagen, men lettare etter kvart.
HBO kom kl.9.00 i dag, så Nils og eg fekk ete frokost i lag, til ei forandring. Ei av sjukepleiarane som var her, undersøkte resultatet av blodprøva, og blodprosenten har gått litt ned sidan sist. Av ein eller annan grunn sorterer det under fastlegen, så han ringde og ville ha Nils ned på kontoret til seg på tysdag for å "sjå" han. Når ein har låg blodprosent vert ein lett andpusten, har eg lært. Nils vil at eg skal vere med han til fastlegen også, det har eg ikkje vore før. Legesenteret skaffar Taxi.
Nils har vore nokså stabil siste dagane, men så har han heller ikkje utfordra sjebnen. Han sit stort sett i stolen sin og ser TV.I går kveld hadde han besøk av Torbjørn, i dag har Kjartan vore her.
Eg har ikkje gjort mykje i dag, vaska litt klede og lagt i hop, rydda i huset etc. berre det vanlege. Eg hadde tenkt å samle opp graset i skråninga med ein av klipparane, men det var for vått.
I dag hadde vi tidleg middag, trur ikkje klokka var meir enn 13-eller der omkring.
Janne hadde med fem lydbøker frå biblioteket, og eg har rippa fire av dei, to var veldig korte. No har eg berre ei att, men den er på 11 CD plater. Når eg rippar, brukar eg å strikke og høyre lydbok på MP3-spelaren. Det gjorde eg i dag også. Det er vel snart på tide å komme seg inn på stova! I morgon kjem Aret,-feiaren.

Dagbok 2026: 5,oktober

Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått,  eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...