Kari Gunn
Klokka er 20.05, temperaturen er 16 grader C, og til denne tid har det vore opplett, men no kom regnet.
Nils var ikkje heilt i form i dag tidleg, men kom seg utover dagen, etter å ha fått medisin og mat. Han fekk legg seg nedpå ei stund mens eg støvsuga og vaska til helga.
Her var eit visst behov for opprydding. Litt klesvask og anna husarbeid gjekk også unna. Vi åt middag i 14-tida, og etterpå vart eg så trøtt at eg sovna med lydbok på øyret i godstolen. Vi er ikkje så flinke å legge oss tidleg om kveldane, og eg vaknar i skikkeleg tid om morgonen likevel.
I dag skulle Solveig og Olaug komme ein tur, men eg trong ikkje å handle, så eg fekk dei berre til å kjøpe kaffi og melk. Kaffi kjøper vi hos Lefdal i Furene, så det er litt tungvint for oss, derfor leiger eg Solveig til den jobben. Dei hadde fått i oppdrag å kjøpe med seg kaffimat også, så vi hadde litt av kvart å kose oss med. Kjekt med besøk, og i dag har det ikkje vore andre her, berre feiaren og han var på taket.
Olaug er ferdig med studiane for dette semesteret, men skal tilbake til Bergen for å flytte når ho får tak i ny hybel. Ho er ferdig med eitt år av tannlegestudiet no.
I dag fyller to av kusinene mine 75 år, dei er tvillingar; den eine bur i Skjåk, den andre i USA. Då vi vaks opp var eg mykje eldre enn dei, no er det berre to år som skil oss. Gratulerer med dagen Kari Gunn og Helene Eva.
Det er mange av naboane våre som reiser vekk i pinsehelga, men vi blir her. I morgon ventar vi besøk av den nye leigebuaren vår, Silje. Ho skal flytte inn i kjellarleilegheita denne månaden.
Vi vil ønske alle som les bloggen ei god pinse, anten de er heime, som vi, eller ute og fartar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar