søndag, mars 22, 2026

Dagbok2026: 22,mars

Klokka er no 16.60, temperaturen ute er +5 grader og det regnar. Skikkeleg trasig dag å sitte heime åleine og ikkje kunne gå ut.

I dag har eg for det meste sete og sett TV.Dei sende nesten heile TEAM PØLSA i dag og der var ein del eg ikkje hadde sett før. Eg likar godt den serien.

Eg har sete mest i ro i dag, men utan "bandasje" på høgre handa.Eg har sete roleg og det ser ut til at det er bra for handa, den verker i alle fall ikkje så mykje då som om eg gjer noko. Eg trudde at hendene mine var i orden no, men så vart det verre enn før- og så har eg sagt takk og farvel til legen min, som skal gå av med pensjon. Så no veit eg ikkje kva eg skal gjere.Rasmus reiste heim til Kongsberg med bilen min for å reparere den der, så spørs det om eg blir i stand til å køyre bil eller om eg blir gåande med låk høgrehand resten av livet.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok2026: 22,mars

Klokka er no 16.60, temperaturen ute er +5 grader og det regnar. Skikkeleg trasig dag å sitte heime åleine og ikkje kunne gå ut. I dag har e...