Klokka er no 20.00.temperaturen ute er +7 grader og det er overskya og bekmørkt . Eg veit ikkje nøyaktig kva ver vi har hatt i dag, for eg har vore mest inne. Og åleine, så då skjer det ikkje mykje, men det kan vere like godt. Eg hadde ikkje noko spesielt eg skulle gjere, så det har gått mest på TV og diverse mat.
Men eg fekk meg ein runde på Vernet og det se ut til at det går bra med føtene miine. Trefte folk i dag også ,men ingen eg kjende. Då eg kom heim laga eg middag, men elles har dett vore veldig roleg i dag, men eg har sett nokre bra program på TV. Det går bra med TV sjølv om eg berre har den svarte fjrenkontrollen.
I morgon skal eg stille opp på bilverkstaden klokka 10. Då får eg stå litt tidleg opp så eg får rydda litt i bilen-kanskje. Eg lurer på kor lenge sjekken tar og om eg skal heim i mellomtida. Før var det så enkelt for då brukte Marit og eg å køyre kvarandre opp og ned når vi hadde bilane på verkstad. Slik er det ikkje lenger. Men viss det ikkje tek så lang tid kan eg no vere på ALTI ei stund.
Eg har ikkje mykje å skrive om, det skjer ikkje så mykje når eg er her åleine.
Her skulle eg prøve å få med mest muleg av Ørsta-byen på bildet. Det vart ikkje så bra. Men eg kom på ei lita jente i 1.klasse for mange år sidan..... Vi var oppe på setra, eg veit ikkje om det heiter Mo-setra? Men eg hugsar at elevane skulle skrive litt om turen etterpå. Det var ei jente som uttrykte det slik:"Då vi kom opp på setra, såg vi heile verda-og litt av Volda-

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar