Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+7 grader, det har vore overskya i dag, men sola kom fram litt no på ettermiddagen; som de ser på bildet er det ikkje meir snø igjen på plenen vår, men på baksida av huset ligg der enn ein god del snø- Men vi har hatt ein lett vinter, ikkje mykje snø og kulde . Så no håper eg vi får ein fin vår også.
Eg er framleis låk i høgre armen min, og kan ikkje gjere alt eg har lyst til av husarbeid, strikking etc. Eg veit ikkje om eg skal gå på trening i morgon , eg var der i går, og eg trudde det skulle gå bra, men eg verkte i handa/armen i heile natt. Likevel tok eg ein lettare fredagsvask i huset i dag, men der får våge seg at eg kjenner litt etterpå. Eg har også vore opp til Marit ei stund.
Det har vore mykje tull med TVen min,men Erlend har fått den til å funke igjen. I dag når eg sette på blei det mykje tull før eg fekk inn rett program, eg har enno ikkje fått den nye fjernkontrollen, men den må no snart komme no. Den skal komme i postkassa, seier Erlend. Eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal på trening i morgon, eg får sjå korleis det står til når eg er oppe.
Tysdag skal eg til legen min for siste gong, ho skal bli pensjonist, og det synest eg er trist -for meg, for då må eg få ny lege og det er ikkje sikkert at det blir så kjekt.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar