Eg er litt irritert på meg sjølv og den handlinga eg hadde føre meg i går. Eg hadde ikkje liste, så eg hadde ikkje kjøpt halvparten av det eg skulle ha. Men no skal eg lage ei skikkeleg liste så kan eg no ta ein tur på butikken i morgon. Eg klarer no å gå såpass, det kan vere bra med litt trim.
Det var godt å fyre opp skikkeleg i dag, då er det koseleg å vere inne. Men eg har lite ved att, Rasmus kjem vel med eit par sekker om han kjem seg hit til helga. Det er det no ikkje sikkert at han gjer, han må no ta den tida han treng -for å reparere bilen min. Eg er heldig som har slike flinke folk i familien. Rasmus minner meg om bror min, han kunne også reparere alt muleg, og det kunne far min også. Men det kan ikkje eg. Til helga får vi sommartid og det ser eg fram til- eg likar å stå tidleg opp, særleg viss det er fint ver, for då får eg sol på kjøkkenet når eg et frokost.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar