Klokka er no 18.50, ute er det skodde og regn og temperaturen er +5 grader C. Eg er glad for at eg slepp å vere ute. Eg kom nettopp heim , har vore hos Marit ei stund no-
I dag har eg vore veldig bra i handa, så det ser ut til at eg kan bli bra igjen. På føremiddagen var eg i lag med Ragnhild ned på ALTI og handla og gjekk på kafè.. Så handla vi matvarer på KIWI på heimvegen. Eg hadde ikkje hugseliste så eg gløymde å kjøpe kaffi, men eg kan no gå på mine eigne bein og handle viss det ikkje blir for mykje. Vi hadde ein kjekk føremiddag og fekk prate litt innimellom.
Her heime har eg gjort lite og ingen ting, men eg treng litt hjelp med telefonen min viss eg skal få til å bruke den. Eg er ei kløne med telefon.
Det er skikkeleg trasig ver ute: grått og vått, det er vel betalinga for ein fin og lett vinter. Eg lurer på om han som bur i kjellaren er heime, eg treng hjelp med telefonen, TV en greier eg sjølv no,,,,,,,trur eg .
I morgon er det onsdag og min vaskedag, skal bli spennande å sjå kor mykje eg greier-det ser no bra ut no.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar