Ikkje meir snø og is no.
Klokka er no16.20, temperaturen ute er +9 grader C, det er overskya og regnar litt. Eg saknar sola. Dette har vore ein keisam dag til denne tid, og det kan eg berre takke meg sjølv for. Eg hadde så smått tenkt meg innom treninga i dag,men så somla eg så mykje at det blei for seint. Men no håper eg på å bli friskmeld neste veke. Eg er så lei av å ikkje få gjere nokon ting-nesten.
Men eg fekk meg i alle fall ein tur på butikken for å handle litt meir mat. Eg har hatt ei panne full med fårikål ståande i frysaren sidan i haust. Forferdelig dumt å fryse alt i eitt i staden for å dele opp. Men i dag tok eg opp heile greia og fekk tina og kokt opp. Eg hadde ikkje lyst på det, men kokte det opp og åt så mykje eg orka av det, for eg likar ikkje å kaste mat.No er det slik at fårikål ser mykje ut , men heldigvis er det mykje bein, så eg trur eg greier resten i morgon. Eg vart i alle fall veldig mett i dag, så det blir ikkje noko snoping mellom måltida.
Eg skal ein tur opp til Marit når det lid på, etter at sjukepleiaren har vore der. No har eg sete og sett litt TV , det er ikkje så mykje anna å finne på. Ute er det regn, og strikke kan eg ikkje, og ikkje så mykje anna heller.Ein må ha hender til det meste.Eg har trudd at eg skreiv berre med høgre handa på tastaturet, men då eg såg etter oppdaga eg at eg brukte begge, men eg har aldri lært maskinskriving så eg gjer det sikkert ikkje rett.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar