lørdag, februar 21, 2026

DAGBOK 2025: 21.februar

 

Dette bildet er tatt litt før klokka 17 i dag, no er klokka 17.17 og der er enno litt sol i vest..Det har vore ein fin dag og no er klokka 17.10. Temperaturen ute er + 2 grader  circa.I dag har eg vore her åleine heile dagen og eg har fått gjort litt husarbeid, sjølv om handa ikkje er heilt bra enno, så trur eg det er på veg til å bli betre.

Eg fekk tatt fredagsvasken, endeleg, og etterpå gjekk eg ein tur  med piggsko og stav. Eg tok på meg dei fine vottane eg fekk av Solveig i fjor vinter og så møtte eg ei gammal dame som hadde samme sort, berre omvendt. Dvs. at det som var kvitt på mine, var svart på hennar og omvendt. Eg kjenner henne sikkert, men no på vinteren kjenner eg ikkje att folk for dei er så innpakka i huer og hetter og anna kamuflasje. Eg går sjelden med hue, så eg vert attkjend.Det har kome ny snø sidan sist eg gjekk, så det er bra å ha ein stav.

Då eg kom heim sette eg på poteter og tok fram maten som stod att frå i går, det var litt lite, men eg plussa på med svenske kjøttbullar så då vart det nok- Varm og mett sette eg meg inn i godstolen min, og eg trur eg sovna litt. Eg har ikkje vore på butikk i dag, men eg trur eg har nok mat til over helga, der er no ikkje stengt enno om eg skulle ombestemme meg.

Eg kan enno ikkje tenkje på å strikke, men eg synest handa har blitt litt betre, så eg håper det kjem seg etter kvart. Det er no ikkje berre strikking eg må la vere-det er ymse som skulle vore gjort i huset, men eg kan vaske når eg har hanskar på meg.

Eg skreiv ikkje GOD HELG i går men så får helsinga gjelde frå i dag. Eg tenkjer på kor kjekt det var å kome til Eid i vinterferien, og få sjå Johan, oldebarnet til Bodil og helse på mange i familien. Håper eg snart får sjå dei att.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2025: 21.februar

  Dette bildet er tatt litt før klokka 17 i dag, no er klokka 17.17 og der er enno litt sol i vest..Det har vore ein fin dag og no er klokka...