tirsdag, desember 30, 2025

Dagbok 2025: 30.desember


Så kom snøen tilbake-igjen

Klokka er no 19.00, temperaturen ute er  0 grader C, og vi har fått ein god del nysnø, som eg ikkje har moka-enno. Eg har hatt ein litt trasig dag, ikkje fordi det har hendt noko gale,men fordi eg ha vore utan PC, og det er no gale nok. Eg brukar å sitte å høyre musikk på PC-en før eg legg meg, og det gjorde eg i går kveld også, og alt var i orden då.

Men då eg skulle sette på datamaskina i dag tidleg, var det ingen ting som virka, ingen ting som kom opp når eg trykte på "knappane." Eg kunne ikkje forstå kva som kunne ha hendt om natta?

Rasmus ringde og sa kva eg skulle sjekke, men eg fann ingen feil. Eg ringde ikkje til Helge, tenkte eg kunne vente til i morgon-eventuelt.

Eg gjekk inn i stova og sette meg til å sjå TV. Det var mykje anna eg kunne ha gjort,men ingen ting frista meg. Eg vart sittande lenge og så TV, mest program som eg hadde sett før. Då eg endeleg kom meg på føtene igjen gjekk eg inn og såg til datamaskina; prøvde å sette den på- og under over alle under, der starta den og var heilt i orden. Eg hadde ikkje gjort anna enn å trykke på "knappen". Forstå det dei som kan-har pc-en reparert seg sjølv?

Eg har ikkje vore så glad på lenge som eg vart no. Eg er så veldig avhengig av PC-en,mykje meir enn telefonen. 

I morgon kveld skal vi gå inn i eit nytt år-igjen, eg synest at åra kjem og går altfor fort.Kunne ha lyst til å sette på bremsene. 

I morgon må eg hive meg rundt å fare ein tur på butikken, viss der ikkje er altfor muykje snø. Bilde kjem på bloggen litt seinare, no hadde eg ikkje straum på telefonen til å ta bilde.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 30.desember

Så kom snøen tilbake-igjen Klokka er no 19.00, temperaturen ute er  0 grader C, og vi har fått ein god del nysnø, som eg ikkje har moka-enno...