Klokka er no 18.53, temperaturen ute er pluss 1 grad C Det er bekmørkt ute, men heldigvis er det mange som pyntar hus og hage med el-lys. Det lyser opp i mørketida.
I dag har det vore ein kjekk dag, særleg no på slutten. Erlend som bur her med meg fyller 22 år i morgon, så vi feira han i dag. Margrete spanderte middag på den indiske restauranten her i Ørsta. Der er det god mat. Etterpå skulle dei køyre Erlend og meg opp att hit, så då fekk vi litt is og kaffi her hos meg. Som de ser på bildet var vi ikkje så mange, men kjekt likevel å kome i lag.
Tidlegare på dag jobba eg litt med spanskleksa, strikka litt og såg TV. Eg saknar turane mine på Vernet, men foten er ikkje heilt god, så eg tek det litt med ro.
Det er ikkje så mildt ute at snøen smeltar noko særlig, men det går bra å køyre bil, trur eg. I morgon treng eg ikkje å fare ut, men tysdag er det trening. Eg kunne ønske at det vart så mildt at isen smelta på vegane og på tunet -der er ikkje så mykje att.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar