lørdag, november 22, 2025

Dagbok 2025; 22,november

Klokka er no 15.27, temperaturen ute er+4 grader C og det regnar aldri så lite. Eg er glad for at det ikkje kom meir snø no. Eg har ikkje vore ute med bilen i dag, og no mørknar det, så då er det for seint. Eg hadde ikkje så mykje ute å gjere, eg tenkte kanskje å handle litt til helga, men det slo eg frå meg. Barn og barnebarn er så redde for at det kan hende så mykje om eg køyrer på glatte vegar, så var tryggast å halde seg i ro. Eg sette meg til med sudokuen min, og var nesten ferdig då Solveig og Øystein kom. Solveig hadde sendt ei melding som eg ikkje hadde sett. Eg visste at dei skulle komme, men ikkje tida.

Solveig hadde kjøpt med seg kaffimat så ho og eg kosa oss meg kaffi og gjærbakst frå Hareid, mens Øysten moka snø. Eg syntest det var heilt unødvendig all den tid det gjekk and å køyre ein bil ut og inn av garasjen men han måtte no få lov å å pynte på det når han absolutt ville.

Eg hadde prøvd å få snø vekke frå altanen, men der ligg det mykje att enno-men det smeltar litt etter kvart. Etter at Solveig og Øystein hadde fare la eg siste hand på sudokuen  min, så no er alle tre i boks. Eg har også lese ein god del i avisa, eg synest Nør Nytt har blitt meir interessant i det siste.

Det er ikkje heilt lyst ute lenger og klokka er ikkje 16 enno, og mørkare skal det bli før sola snur om ca 1 månad. I morgon skal eg få vere med Margrete &Co og feire yngstemann med dagen, han fyller 22 år viss eg ikkje tek feil-.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 15.januar

    Klokka er no 18.17, temperaturen ute er +6 graderC og i dag har det vore opplett vidt eg veit. Det var trening i dag, så då gjekk føremi...