Klokka er no18.13,temperaturen ute er ca 14 graderC og det regnar meir og mindre.
Sidan det er fredag har eg tatt fredagsvasken i dag, etterpå var eg opp til Marit ein tur, for ho skal på tur i morgon, så då blir eg her åleine.
Tidleg i sommar begynte eg på eit prosjekt i hagen. Eg skulle rense opp og så i der som den store klungerbuska hadde stått-Rasmus og eg tok den ned sist haust.
Men alt har kome i vegen for jobben, eg har vore låk i ryggen, veret har ikkje vore så bra og så er det mykje anna som skal gjerast i ein hage. Men i går sette eg i gang, eg fekk gjort ein del før regnet kom, men vart ikkje ferdig.
I dag var eg bestemt på å bli ferdig uansett regn etc. Men-eg hadde ikkje SPADE.Eg meinte eg hadde sett her ein spade, men no var den ikkje å finne. Eg fekk høyre på CLAS OLson, dei hadde ikkje spade men anbefalte Jernia1 Såpass skulle eg tenkt sjølv- PÅ Jernia trefte eg ein gammal nabo som jobbar der enno. Han og eg er like gamle, men han vil ikkje slutte å jobbe og sitte oppe på Vallabøen og sjå ut glaset, sa han. Det er ikkje det eg gjer, parerte eg. Altså fekk eg meg ein fin , ny raud spade. Fekk og fekk, eg betalte no mange 100 kroner for den.
Sjølv om det regna litt fekk eg grave opp heile "Prosjektet" og så sådde eg i grasfrø med blomster. Ein pakke som eg har hatt liggande heile sommaren. Då eg var ferdig med jobben gjekk eg opp på tunet, Der låg det eit par moldsekker, og for å halde molda tørr hadde eg lagt ein spade oppå plasten. DER var altså den gamle spaden-så no har eg to-. Eg må no ha sett den gamle spaden mange gonger for dag.Det blomstrar i regnet
No blir det vel å strikke og sjå TV resten av dagen/kvelden. Hadde det vore betre ver kunne eg gått på Vernet. Ønsker alle ei god helg anten dei er heime eller på tur.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar