Klokka er no17.15, temperaturen ute er + 14 grader, det var litt fint først på dagen, men så kom regnet.
I dag hadde eg budd meg på å fare på VØR med hageavfall, hadde 6 svarte sekker med avfall. Mykje av det var gras. Som vanleg var der andre ute i same ærend, så det mangla ikkje på tilgang.
På heimvegen svippa eg bortom gravplassen for å ta eit bilde av blomsten eg hadde kjøpt,og for å sjå om den treivst.
Det såg rimeleg bra ut, men sjølve gravplassenen er ikkje så fint stelt.Då eg kom heim att styrte eg litt på kjøkkenet, laga tidleg middag etc. I går hadde eg sein middag og åt spekesild, det var ikkje lurt, for det vart mykje drikking utover kvelden. Så i dag vart det tidleg middag, og det vart fisk. eg prøver å bruke det eg har i hus no ei stund, slik at eg får tømt lageret før det kjem besøk og eg kjøper inn på nytt. Rasmus og familien kom heim frå ferien i går kveld/natt, og dei skal vere heime i to veker før dei kjem hit. Eg ser fram til at dei skal kome.
Etter at eg hadde ete middag gjekk eg ut for å jobbe i hagen. Eg har eit prosjekt som eg aldri får gjort ferdig-og ikkje i dag heller, for det begynte å regne såpass mykje at eg måtte gi meg på det. Dessutan manglar eg ein skikkeleg spade, eg trudde eg hadde ein, men finn den ikkje, så eg får vel kjøpe ein.
Erlend var på Vinstra og spelte i går, eg veit ikkje om han er komen heim, eg har ikkje sett han i alle fall. Men no har eg lært meg å få tekst på TV-en sjølv, så no treng eg ikkje hjelp til det.
I går reiste Rasmus og familien med fly frå Mauritius til Paris , der dei skifta fly. Turen tok ca 11 timar, men noko som var kjekt, var at eg kunne "prate" med Rasmus på telefon og datamaskin mens dei var i lufta. Så fekk eg vite at dei hadde det bra.
Margrete og Svein er vel framleis i Stockholm, kvar Solveig er på fødselsdagen sin, veit eg ikkje enno. Men dei har det sikkert bra.I morgon er det fredag igjen, vekene går fort.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar