Plenen ovafor garasjen plar naboen klippe, men han er i Syden.Plenen var full av kvitkløver før eg klipte.
Klokka er no 21.23, temperaturen ute er +12-14 grader C, det har vore opplett i dag , ikkje så mykje sol, men greit å vere ute. Eg var ikkje tidleg oppe i dag, og det gjekk ei stund før eg kom i gang med hagearbeidet. I dag fekk eg klipt alt som ikkje var klipt før, heile skråninga er no klipt og i tillegg plenane opp mot gata. Eg fekk litt vondt i foten , men det gjekk over. Eg har ikkje gått tur, men sove middag eit par gonger. Eg har vore her åleine heile dagen,for Marit reiste på tur til Kjartan. Men Lollo kjem ned til meg så snart Marit er vekk.
Eg har ikkje så mykje å berette i dag, eg har ikkje vore ute av tomta, lurte på å gå ein tur på Vernet, men eg sparte litt på foten.Elles har eg ete ,sove og sett TV mens eg strikkar -som vanleg. Eg har blitt flinkare med TV-en no, så eg klarer å finne det eg skal sjå og få norsk tekst på alt.
Det er ein rar sommar vi har, ikkje særleg mykje sol og varme, men enda kan det no komme fine dagar. Solveig og Margrete var i lag i Stockholm sist eg høyrde frå dei, men dei blir vel ikkje så lenge der. Eg skal sjå om eg får lagt ut bilde frå "Godset" mitt, det var litt plunder med det i dag.
Så er heile hagen klipt men der er ikkje så fint, for graset er gult ved rota etc.
Det er mange som meiner at eg ikkje skal klippe graset mitt sjølv, men leige til det. Dei forstår ikkje at eg synest det er kjekt å gjere det sjølv Det er ingen som tvingar meg til det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar