lørdag, august 03, 2024

Dagbok 2024: 3.august

 

Mange gonger når eg gåt tur på Fonnvernet sit eg på den siste benken og ser rett bort på Melle  der vi budde i 5 år, då vi først kom til Ørsta.

Det gamle huset vi budde i er rive for lengst og det var sant å seie ikkje noko å skryte av. Men eg synest det var 5 gode år  vi hadde der. Eg  var ikkje i jobb den tida, men passa mine eigne barn heime, Solveig var vel 2 år då vi kom hit, og Rasmus berre eitt. Margrete fekk vi mens vi heldt til der, då ho var 2 år flytta vi til Engeset , og Solveig begynte på skulen.

I dag stod eg ikkje så tidleg opp, det var bra, for eg la meg ikkje tidleg i går, trur klokka gjekk mot 2. Men det var fint ver så etter at eg hadde vore ei stund på REELS tok eg ein runde på Vernet. I dag trefte eg på eit par som eg har møtt ofte i det siste, men i dag plukka dei ikkje bringebær.

Eg hadde ei sterk kjensle av at det var sundag i dag,men Marit og eg bestemte oss for å gå på butikken, og då gjekk søndagskjensla over.

I dag laga eg meg kjempegod middag, steikt ørret med poteter grønsaker og litt rømme.Eg fekk litt dårleg samvit for å innta så mange kaloriar . 

Marit var her med meg ei stund og då sat vi ute og såg på hagen min og prata.

Det dårlege samvitet resulterte i at eg tok fram Grasklipparen etter at Marit var gått heim, og så klipte eg heile Skråninga-med oppsamlar. Eg klipte også oppe ved poststativet og spylte klipparen til slutt.  Så no kan eg ta helg med godt samvit, trur eg.

Eg er så lite interessert  i OL at eg sovnar viss eg set på TV-en for å sjå, eg likar betre å sjå på Reels på Pc-en. Eller eg kan sjå seriar t.d. på TV, og så har eg strikketøyet.



Etter at det begynte å gro til oppe ved Fonnvernet, dukka det opp hundrevis av små bartre. Eg trudde det var gran og tenkte at Ørsta ville ha rikeleg med juletre i mange år framover. Men då eg såg litt betre etter var det ikkje gran, men lerk. Og lerketre er der rikeleg i skogen rett ovafor Vernet. Dei fleste som har kjøpt tomt her omkring har hatt lerk i hagen. Det hadde vi også ei tid, men så kvitta vi lerketreet. Lerk feller nålene kvar haust og dei nålene blir gjerne liggande i takrennene, eller dei kan blåse inn i huset om vindu og dører står opne. Men det ser altså ut til bli lerkeskog ved Fonnvernet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...