fredag, mars 01, 2024

Dagbok 2024: 1.mars

 


Klokka er no15.50, temperaturen ute er +7 grader og det er overskya men ikkje nedbør.Eg kan ta bilde, men får dei ikkje frå datamaskina inn på det eg skriv. Heile maskina skulle ha vore opprenska, for eg roter det alltid til. 

Det minkar veldig på snøen no, og så er vi vel som lerka-trur på vår med ein einaste gong. Det var fint i februar i fjor men vi fekk fleire snøbyger både i mars, april og kanskje mai. Så eg slepp vel å begynne på våronna enno. Det tok så brått slutt på hausten i fjor at mykje vart liggande ugjort. Eg ser at ei rive ligg nedunder epletreet.

I går sette eg "støttebandasje" på handa mi og let vere å strikke. No trur eg den begynner å komme seg igjen. Eg har i alle fall vaska litt i dag, i tillegg til fredagsvasken har eg pussa stoveglasa på innsida,. Det var ikkje så mykje hjelp i det, for det er på utsida dei er verst. No driv eg og vaskar gardiner, som eg henger rett opp når eg tek dei ut av maskina, det går heilt fint, men litt arbeid er det no med det sjølv om eg slepp å stryke.

Eg åt brødmat til middag i dag, men kanskje eg lagar meg litt middag til kvelds.Eg kjem meg vel ikkje ut og gå når eg må vere her og passe vaskemaskina.

Bildet i dag er frå Solund, der eg var på ferie i lag med Margrete og barna for nokre år sidan. Vi hadde strålande ver heile tida.Vi budde i dei gule hyttene som er på bildet.

Denne plassen heiter Hjønnevåg, og det er på samme øya som Trovåg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...