Klokka er no 16.12, temperaturen ute er + 7 grader, det er opplett, men ikkje sol. Ein kan vel seie at veret er fint for årstida.. I dag hadde eg tenkt meg på handel, kanskje til Vik eller kanskje berre på KIWI. Men først ville eg gå ein tur på Vernet og i dag var det vel råd å ta heile runden-for no var der vel bert? Eg begynte i den enden der eg såg at det var litt is og snø, men der møtte eg mor til fysioterapeuten min og ho frårådde meg å gå der for der var is og glatt. Eg tek ingen sjanse på slikt, så eg snudde og gjekk berre halve runden. Resten av turen gjekk på Vallabøen, eg såg Rigmor utanfor huset sitt, der ho og barnebarnet helt på å steike vafler ute. Eg sat ei stund og prata,men ville ikkje ha mat.
Då eg kom heim møtte eg Gudmund og då kom eg på den vesle dingsen eg fekk frå Rasmus til jul. Det er ei pumpe som skal pumpe spylevæska opp til vinduet. Rasmus hadde sagt til meg at dette var ei lett sak som Gudmund kunne gjere på no time. Det viste seg at så enkelt var det ikkje, eg tok telefonen og ringde Rasmus, men han kom heller ikkje på noko. Vi måtte gi oss på det, men Gudmund har ein han kan spørje, så vi får sjå. Eg skal ha bilen på EU-kontroll snart, men dette er vel ikkje noko som er viktig.
Eg gjekk her og somla litt før eg tok meg litt mat. Lunsh kalla eg det. Etterpå tok eg bilen og køyrde ned på KIWI og handla det mest nødvendige. Eg har ikkje fått bod om at det kjem nokon i helga, men eg har sikkert nok mat om det kjem ein kvan.
Gamle bilde får eg til å sette inn her, men ikkje dei eg sist tok. Der var der mellom anna bilde av eit nake epletre og eit kvistfullt plommetre som skulle ha vore kraftig klipt ned-begge to Eg kunne saktens ha klart å klatre opp og saga sjølv, men eg tek ikkje sjansen på at det går bra. Det har vore nok knall og fall og brot og gips etc. for ei stund.
Sidan eg gløymde å ønske GOD HELG i går får eg ønske "Fotsatt god helg" i dag. Det er fint ute no, lite snø og opplett, på Kongsberg regna det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar