torsdag, februar 29, 2024

Dagbok 2024:19.februar

 



Dette bildet tok eg av Ingeborg i februar i fjor, det var så fint den dagen. Då eg kom heim frå turen, var det at eg snubla og datt på altanen. Deet var vår i februar ifjor, men så fekk vi fleire vintrar etterpå.I dag er det 29.februar, ein dato som vi har berre 4.kvart år.
 

Klokka er no 18.13, temperaturen ute er +8 grader, det har vore mest overskya i dag, men berre litt regn. No blæs det.

Det har vore ein litt spesiell dag for meg sidan eg skulle til Volda og måle beintettleiken på sjukehuset der. Etter å ha snakka med Marit om det, bestemte eg meg for å ta ein tidlegare buss enn det eg først hadde tenkt, så slapp eg å stresse. Om eg måtte vente litt gjorde ingen ting.

Før eg reiste gjorde eg ferdig litt av spansk-leksa til onsdag, så gjekk den stunda. Eg har ikkje strikka i dag, for tommelen på venstre handa er litt vond.

Eg køyrde ned til haldeplassen og sette frå meg bilen der, då bussen kom gjekk eg om bord, men eg fekk ikkje betale, for eg hadde ikkje  app    og sjåføren hadde ikkje annan betalingsmåte. Sånn er det når ein ikkje følgjer med i tida, men eg fekk no vere med og han køyrde heilt opp til sjukehuset, så eg slapp å byte buss. 

Der gjekk eg i luka,leverte eit ark som eg hadde fylt ut, betalte og gjekk til venterommet-det som eg har vore på så mange gonger men enno ikkje greier å finne att. Eg har aldri vore skikkeleg sjuk, men eg har vore på røntgen veldig mange gonger så eg skulle no greie å finne venterommet, det var no sist i desember eg var der også. Men eg fann no fram til slutt og sat der ei stund og såg på dei andre pasientane, dei var stort sett av min årgang.

Eg kom inn til ho som skulle fotografere alle beina i kroppen min, det var ei hyggeleg dame, og det var ikkje så lenge før eg var ferdig. Eg hadde time klokka 13, og 13.15 var eg komen ut att.Eg spurde, og fekk vite, at det er vanleg å ta slike undersøkelsar når folk bryt bein.

Eg gjekk rett ut etterpå og ville gå ned til haldeplassen, den turen har eg gått mange gonger då Nils var sjuk, i seinare tid kanskje ein gong i året.

Og der var eg heldig, der kom ein buss køyrande på same tid som eg, og på den bussen stod det:Ørsta. så eg slapp å vente eit sekund. Sjåføren kunne bruke kortet mitt så eg fekk ikkje gratis skyss heim.  Eg fann att bilen min der eg hadde sett han og så var eg snart heime. Dette vart ei heil Amerikareise  for meg som sjeldan reiser med buss og ikkje åleine.

Då eg kom heim var eg svolten og trøtt. Eg sovna i godstolen framfor TV. No er eg letta for at eg er ferdig med den turen, og det kan ikkje bli så alvorleg om dei finn ut at eg ikkje har sterke nok bein i kroppen.Men eg får ikkje strikke i kveld og det er eit sakn.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...