mandag, februar 19, 2024

Dagbok 2024: 19.februar



Klokka er no17.06, temperaturen ute er+4 grader C, det er overskya, men opplett.Eg har nettopp vore på ein liten luftetur. Eg gjekk samme ruta som i går, men i dag hadde eg stav, for den fann eg att i dag føremiddag ute på altanen. Den ha sikkert vore der heile tida. Eg trefte ingen på ruta mi i dag, men det var no godt å komme seg ut litt.

Sidan eg har vinterferie denne veka, ville eg prøve å få gjort noko her heime. Så eg begynte å vaske veggane på stova.Veggane der er verken mala eller lakka, så eg vaskar med ei spesiell såpe som skal halde treverket lyst. Eg vaskar sjeldan alle veggane på ein dag, for det er så mykje som skal ned og opp att. Mest bilde. I dag tok eg to veggar, så er det tre igjen. Dei tek eg meg av når det passar meg.



Eg brydde meg ikkje om å lage middag i dag så det vart brødskiver etc. Det er utruleg mange bilde som skal ned og opp att når eg har vaska. Men det er slik eg vil ha det. Etter at eg var ferdig med å vaske , sette eg på vaskemaskina, og tok meg litt mat. 

Så var det spanskleksa. Eg har ikkje heilt fri denne veka, spansken tek ikkje vinterferie, så eg vart sittande ei stund med den. Det går ikkje så lett inn som det gjorde då ein var ung.

Eg har ikkje hatt på verken TV eller radio i dag så eg har inga aning om kva som skjer i verda i dag. Kanskje like godt.




 

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...