søndag, februar 18, 2024


Klokka er no 18.02, temperaturen ute er +4 grader- Det har vore opplett i dag, men ikkje noko særleg med sol. Eg stod ikkje tidleg opp og då eg var ferdig med frokosten, sette eg meg til å strikke og sjå TV.

Etter ei stund bestemte eg meg for å vaske og rydde i bokhylla på stova. Det er ein heil liten jobb, men godt å få gjort den ferdig. Så åt eg resten av ballen frå i går før eg gjorde meg klar til å gå tur.  Eg gjekk ein litt annan veg enn vanleg i dag,og då eg var komen opp på Storebakken stod der 4 personar og snakka med kvarandre og eg kjende alle 4 frå før. Tre av oss er faktisk nordfjordingar. Det var folk på min alder-og eldre.Den eldste hadde med rullatoren sin, og ho og eg gjekk i lag heimover(ho er 92 år). Elles har det ikkje hendt noko her i dag.

Komande veke er det vinterferie, men spansken tek ikkje ferie, og ikkje pensjonistlaget heller. Eg tenkte eg skulle prøve å få gjort noko i huset denne veka-har diverse planar om kva eg kan greie.

Som de ser på bilda er det enno mykje snø på tunet mitt, så eg går i piggsko.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 30.oktober

  Klokka er no17.30, ute er det skya, men opplett og +7 graderC. Det har vore bra ver i dag, så eg kunne sikkert ha vore ute, men eg er ikkj...