tirsdag, februar 20, 2024

Dagbok 2024: 20.februar

                                 Vegen frå meg til Marit er framleis isa og glatt

Klokka er no 18.23, temperaturen ute er +6 grader og det regnar. Skikkeleg kjedelig ver altså. Og for ein gongs skuld har eg ikkje gått trim-tur.

Føremiddagen gjekk med til å legge i hop klede, stryke og sette på ny vask etc. Eg hadde elles nokre småjobbar som eg fekk unna. Ja, og så las eg litt på leksa til i morgon. Ingen store planar i dag. Eg strikka litt etc. før eg gjekk opp til Marit i 13-tida. Ho var heime åleine i dag, så vi hadde ei stund med kaffi og prat.

Då eg kom heim att,  hengde eg opp ein klesvask før eg laga middag. I dag vart det tomatsuppe med hardkokte egg. Eitkvart må ein no finne på om ein er åleine. No har eg sete og sett TV og strikka ei lita stund, eg må lese meir på spanskleksa, men det er best å gjere det i morgon tidleg, for eg hugsar ikkje så lenge.

I morgon skal eg altså på spanskkurs kl.11-13. SÅ er det kino-kl.15 (trur eg) og pensjonistmøte etterpå. Eg har ikkje bestemt meg om eg skal sjå filmen (SAU), men Marit skal i alle fall. Eg er ikkje så glad i å gå på kino; eg synest ofte at der er kaldt og så er det så høg lyd-og det er ikkje noko for tinnitusen min. Eg har vore ein del plaga av tinnitus denne hausten og vinteren, etter å ha vore bra i årevis. I går kveld var det skikkeleg plagsomt, men ikkje gale i dag.

Då eg gjekk opp til Marit i dag måtte eg ha på meg piggsko og så hadde eg stav. Heile tunet mitt er enno dekt av is, og eg har ikkje vore ute med bilen på mange dagar.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...