onsdag, februar 21, 2024

Dagbok 2024: 21.februar


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute  er+ 5 grader C, det er skya, men opplett.

Eg kom nettopp att frå pensjonistmøtet og det var ikkje mørkt å køyre heim i dag.

Det har vore ein "travel" dag, men veldig kjekt. Først var eg på spansk-kurs 11-13, og så måtte eg bort til ALTI og ta ut cash, Hadde ei lita stund heime før eg skulle på kino, vi skulle sjå filmen SAU før pensjonistmøtet.

Marit var ikkje med i dag så for ein gongs skuld gjekk eg på kino åleine. Mange av dei som skulle på pensjonistmøtet såg filmen først.

Filmen var noko av det beste eg har sett og den handla om SAU. Og den handla rett og slett om sau på ein gard i Nord-Norge. Eg tenkte på Margrete då eg såg filmen, for jammen kan sauer også vere artige å styre med, nesten som hundar. Alle sauene hadde namn, ei heitte Solveig til dømes, og så var der ein liten svart ein som heitt Ståle. Det er nesten litt pinleg å sitte å le når ein er åleine på kino. Viss dokke får høve til det, å sjå denne filmen!!

Så var det pensjonistmøte i storsalen og der fekk vi karbonadesmørbrød, noko som kom vel med når ein ikkje hadde ete middag. Eg sat i lag med Grete, systra til Solveig nabo, Inger, som eg er i lag med på spansken, to andre som eg kjenner, og to som eg ikkje kjende. Men eg synest no alltid det er kjekt å bli kjent med nye folk.



Eg har hatt ein fin dag, men noko skal det alltid vere, og no har eg fått att tinnitusen for full musikk. Men det er ikkje farleg-berre irriterande.

PÅ tunet mitt er der enno så mykje is at eg måtte ta på meg piggsko for å gå opp til gata.

No har eg ferie resten av veka, i dag har eg vore veldig sosial og det var no kjekt sjølv om eg trivst godt i mitt eige selskap også.No må eg gå på jakt i kjøleskapet for å sjå om eg finn noko godt, og så skal eg sjå TV og strikke og ikkje tenke på spanskleksa,




Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...