torsdag, februar 22, 2024

Dagbok 2024: 22.februar

Klokka er no 18.06, det har vore opplett så langt i dag, men ikkje så mykje sol. No er temperaturen ute +  8 grader og det blæs litt.

Dagen min begynte sjølvsagt med at eg stod opp. Inga vekkerklokke i dag så eg kunne sove så lenge eg ville, men som sagt eg stod opp, kledde på meg og laga frokost utan stress. Då eg var ferdig med frokosten såg eg på klokka, den var 8. Så eg hadde ikkje sove så lenge som eg trudde. Eg kan kanskje legge til at eg sjeldan søv før klokka er 1-2 om kvelden.

Eg hadde ikkje plan for dagen ferdig, men tenkte eg skulle prøve å gå på Vernet i dag, for det såg ut som der var bert no. Men for sikkerheits skuld tok eg på meg piggsk,Ja det var nok bert i skråningane, men då eg skulle gå opp vegen til fonnvernet, var der hard og blank is, så eg gjekk heller langs skråninga, men der var heller ikkje så trygt, isen er knallhard og det vart verre etter kvart, så eg gjekk ned på bilvegen og tok resten av turen derifrå. Sjå bildet.

Eg fekk melding frå Marit , ho skulle handle på KIWI klokka 12 og spurde om eg ville vere med. Det ville eg og er tok med to store posar med tomme flasker og boksar for å pante dei.

Etter at vi kom heim vart vi sittande i bilen til Marit og prate. Der er slik vi gjer, særleg når det er Marit som køyrer, det er ikkje så kjekt å sitte nede på tunet mitt.

Eg kokte graut til middag i dag, det gjer eg kvar gong eg har melk som må brukast opp. Eg kjøper melk for å ha i hus, men sjølv smakar eg ikkje ein dråpe- eg greier ikkje å drikke vanleg søt melk, har aldri greidd det, sidan eg var 3 år.(Sa mamma) Men eg kan bruke melk i maten. 

Etterpå har eg site og strikka og sett TV-så det har vore ein lat dag, av ein eller annan grunn har eg vore trøtt i dag, men heldigvis er tinnitusen svakare enn i går, men litt er der. Eg føler på at det er fredag i dag, men det er det ikkje. I morgon ville Einar ta seg ein tur innover og då har eg ein plan. Kanskje-
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...