fredag, februar 02, 2024

Dagbok 2024: 2.februar

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 7 grader, det regnar, snøar og blæs- alt på ein gong. Det er ikkje ute verande, men det er fint ver å vere inne i.

I går kveld hadde eg det ikkje kjekt, på grunn av at eg ikkje fann att bilnøkkelen, så det første eg gjorde i dag, etter frokost, var å kle med godt og gå ut og leite igjen. Eg såg først etter der nøkkelen skal henge, der var den sjølvsagt ikkje, men det var berre å snu litt på hovudet, så såg eg den. At eg ikkje oppdaga den i går, kom vel av at det var mørkt. Eg vart i alle fall veldig glad, for utan den nøkkelen har eg ikkje bil.Eg starta bilen for å sjekke at batteriet var opplada og det var det.


Eg tok fredagsvasken, og vaska ei maskin med klede etc. før eg køyrde på butikken og handla mat. Det var eit grisever, så det hadde ikkje vore greitt å gå ute i dag. Då eg kom heim att laga eg meg ein enkel middag før eg tok fram sudokuen frå Møre-Nytt; eg begynte på den i går kveld, men kom ikkje i mål. Men eg er ikkje så gira på sudoku lenger, eg har halde på i mange år.-og greidd så å seie alle i MøreNytt.. 

No har eg sett litt nyheiter, men det er no slett ikkje kjekt, ein kan bli heilt fortvila over korleis det er i verda no, ikkje berre er det krigar, men folk svelt i hel også-

Bilda over tok eg frå utedøra kl.16.45. Eg prøvde å ta bilde frå altanen også men det var berre rot. Det er vel regn som kjem ned no, men så blæs det i tillegg, så i dag held eg meg inne.

Eg har fått melding om feiing komande veke, og då er der somt som må gjerast, og eg har lite peiling. Men eg får høyre med naboane. Sist det var feing fekk eg melding etterpå at neste gong måtte stigen vere lenger. Eg kan ikkje forstå at dei ikkje har stige med seg når dei køyrer rundt med feiebilen.

I dag kjøpte eg vitaminar på butikken. Legen min seier at ALLE bør ta ein tablett med D-vitamin og ein tablett med multivitaminar-kvar dag. Og no skal eg gjere det. I dag kom der bilar som skrapa is av vegane og gatene., det er ikkje bert enno.

No skal eg kose meg inne med kaffi og TV og strikketøy. Eg har strikka ferdig tre par lestar etter at eg fekk av gipsen, men handa er enno ikkje heilt god-

Margrete var med og handla på COOP ein gong ho henta meg på sjukehuset, der fann ho fram nokre klutar, til oppvask og anna, Dei var slik at eg kunne vri dei med ei hand, og eg har brukt dei heile tida sidan. Det heiter "engangskluter" eller noko slikt, men eg har brukt dei mange gonger, og i dag var det nokre som hadde forvilla seg inn i klesvasken og var like gode etterpå. Det er veldig gode klutar å bruke til så mangt, og ikkje var dei dyre heller.


Det var ikkje lett å få  skikkelege bilde frå altanen i dag



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 15.mars

  Klokka er no21.35, temperaturen ute er +3 grader C, og det har regna mykje i dag, trur eg, men eg har ikkje vore så mykje ute.Eg sat og st...