Klokka er no19.20, temperaturen ute er +4 grader C, og det blæs- Eg var så vidt ut på trappa og ville ta eit bilde, men telefonen var tom for straum. I dag har det vore ein litt spesiell dag, eg har gått rundt og følt på at det er sundag, for eg har ikkje vore ute for døra og eg har ikkje jobba med nokon ting, berre strikka litt.
På føremiddagen hadde eg besøk av Solveig nabo, for på mandag kjem feiaren og då treng eg kanskje litt hjelp. Dette er slike jobbar som mannfolka brukar å ta seg av og eg er ikkje heilt kompetent. Heldigvis hjelper naboane til. Elles så tok eg meg av ei par sudokuar og fekk dei i hamn.
Eg hadde, som vanleg, kjøpt inn for mykje melk, så då blei det graut til middag i dag. Eg fekk melding frå Solveig på Hareid om at ho ville ta seg ein tur. Ho ville kjøpe med litt kaffimat og rekna med å vere her rundt klokka 17.
Ho kom litt før og i tillegg til smutbollar eller kva det no heiter, hadde ho med ei pappkasse med lestegarn. Så no blir eg i alle fall ikkje arbeidslaus med det første.
Eg greier godt å strikke no, men eg må vere forsiktig med å strikke for mykje,handa er ikkje heilt god enno.
I kveld er det storhende på TV :Norsk MGP. eg har no sett programma som har vore dei tre siste laurdagane, og er er ikkje vilt begeistra for nokon av songane, men eg har eit par som eg trur siglar opp.
Margrete er familiens MGP spesialist. I dag tippa ho at Keino elle Gåte ville vinne. Eg var for så vidt enig med henne. Og så vart det Gåte
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar