Klokka er no 15.38,temperaturen ute er +2grader, det er opplett, men skya, og av og til kjem sola fram. Det er fint ver no, men vi fekk dessverre ein porsjon wsnø sist natt og morgon.Eg vakna tidleg , men låg i ro til det vart lyst. eg ville prøve om eg fekk ut bilen, eller om eg måtte moke litt. Eg sette meg inn i bilen og vreid på nøkkelen-men ingen ting hende. Eg reknar med at det var flatt batteri. Dermed måtte eg ta på meg piggsko og gå til legesenteret -og heim att. Så har eg fått nok trim i dag.
Hos legen skjedde det ikkje så mykje, eg var der mest for å ta (8) blodprøver og måle blodtrykket.
Marit kom ned og prata ei stund etter at eg var heime igjen. Og etter at ho hadde gått opp att, gjekk eg inn og prøvde datamaskina. Eg fekk ikkje i stand noko i går, men i dag fungerer det i alle fall på Bloggen.
Men e-posten fungerer enno ikkje. Helge har lova å komme innom i dag, så får vi sjå om han får orden både på e-posten og bilen. Eg fekk ikkje handle i dag for eg hadde meir enn nok med meg sjlølv om eg ikkje skulle handle også
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar