mandag, februar 05, 2024

Dagbo 2024: 5.februar


Utsikt mot vest frå øvst i Storebakken.

Klokka er no16.10, Temperaturen ute er minus 5 grader, og sola er i ferd med å gå ned. Vi har hatt mykje sol i dag, og den varmar godt inne i huset, så eg kunne stille ned varmepumpa.
Eg var lettare fortvila då eg sat med frokosten og såg ut. Det var mykje nysnø, og feiaren kunne komme kva tid som helst. Eg hadde knapt tenkt tanken før Geir var her med ATV-en og moka heile tunet, og like etterpå kom feiaren. Han var visst fornøgd med stigen Det hadde faktisk kome litt meir snø etter at Geir hadde moka, men eg fekk ikkje påtale frå feiaren verken muntleg eller skriftleg. Eg greier ikkje å moke alt sjølv på grunn av handa, men noko greier eg no.
I dag la eg opp til husarbeid, for no kan eg ikkje vere så lat lenger. Eg hadde ein liter med kefir liggande så eg bestemte meg for å bake brød; eg har ikkje baka noko som helst etter at eg braut handa. Det vart tre brød i dag, men eg var ikkje heilt fornøgd med dei-likevel kjem eg til å ete dei opp- Eg vaska opp og rydda etter meg, og så rydda eg nokre skuffer på badet. Eg får ikkje tak i hyllepapir lenger, men eg tok like godt ein rull med julepapir og brukte av den til å ha i skuffene. Det vart ein del boss, og onsdag er det henting av restavfall og matavfall så då få  vi tømt, Vi er alle samde om at vi skulle hatt oftare tømming av restavfall.
Akkurat no fekk eg melding frå Brannvesen: "Hei,feing Starevegen 7 vart utført. Vi fann ingen avvik.". 
Takk og pris! Eg brenn så mykje rart i omnen at eg hadde ikkje heilt godt samvit.Sotet skal Erlend og eg ta ut nede når han kjem att. Han er hos Margrete no



                                                         Og mot aust, klokka ca 15.30


EG åt skiver til middag i dag, så eg sparte restane frå i gå  til i morgon når eg skal på trening. Eg gjekk ein liten runde i dag, det har vore nokre dagar utan mosjon.

Eg strikka nesten ferdig ein lest i går, no skal eg felle den av. Eg kan ikkje strikke så mykje eg vil enno, eg må ha pausar . Eg strikkar berre når eg ser TV; men no er det nesten som eg kvider mot å sette på TV-en, det er så mykje vondt i verda, så mange som lid: Krigar, jordskjelv, skogbrann  mord etc. etc. Naturkatastofar er ikkje lett å hindre, men at vaksne vetige folk går til krig, det forstår eg absolutt ikkje. Kva er det vi prøver å lære barn frå dei er små? 

No har sola gått ned i vest, men det er no lyst enno,                        

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...