tirsdag, februar 06, 2024

Dagbok 2024: 6.februar

 

Klokka er no 15.46, temperaturen ute er minus 4 graderC, men eg synest det er kaldt. Ikkje inne-men ute.

Sist natt sov eg godt  og vakna av vekkerklokka i dag klokka 8. Sidan det var eg som skulle køyre i dag, sjekka eg tunet m.m. for snømengde etc. Eg  hadde vore ute i går ettermiddag og sjekka at eg kom meg opp på vegen utan å moke.I dag køyrde eg opp til vegen ei stund før vi skulle fare. I dag var det det vi kallar blindeføre, dvs. at ein ikkje ser skikkeleg kvar vegen sluttar. Det kan vere at ein t.d. køyrer litt for langt ut, eller oppå eit fortau. Eg bryr meg ikkje så mykje om det, så lenge det ikkje går heilt gale. Då vi køyrde ned "Skrågata", var det ikkje råd å sjå alle fartshumpane til dømes. Men alt gjekk bra, vi kom oss på trening og på heimvegen handla vi litt på KIWI.

Eg bestemte meg for å gå tur med det same eg kom heim, mens eg hadde uteklede på meg. EG hadde på meg piggsko i dag også og det var bra, for der var ikkje berre snø på vegane, der var is også.

Til middag i dag vart det restar frå sundag, og det ser ut til at eg må ete resten av resten i morgon. Eg vart litt for mett, så eg måtte ha ei kviletid i godstolen og eg fyrer i omnen så eg har det godt.

Eg fekk brev frå Helse Møre og Romsdal i dag . Det galdt undersøkelsen som legen min ville at eg skulle ta. Eg er sett på venteliste, så eg veit ikkje kva tid det blir.

I morgon er det bosshenting, så eg må ut og grave fram bossdunkane og få dei opp til vegen. Dei plar ikkje komme så tidleg, men det er greitt å ha det gjort.

I dag er det to månader sidan eg braut handa, den er ikkje heilt bra enno, men eg kan no gjere nesten alt, kan i alle fall strikke.

Den dagen eg braut tenkte eg som så:" Tre veker i gips, og så er eg like god", det er ikkje det samme å bryte bein når ein er 80+ som det var då eg var 24.

Eg plagast med dette bildebehandlings-programmet eg har. Eg trur eg skal spørje Torbjørn litt om dette for han er interessert i bilde på nett, og kan mykje om det.

Eg tok mange bilde då eg gjekk tur i dag, men det vart noko tull då eg skulle legge dei inn på maskina. Til slutt stod eg att med bildet øvst på denne bloggen. Det tok eg då eg var ute og gjekk i sluttenden av Vallabøvegen. Der ser vi husa på oppsida av Starevegen-på baksida.



No skal eg ut og plassere dunkane før det mørknar.I morgon er det heimedag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...