søndag, februar 04, 2024

Dagbok 2024: 4.februar







 Klokka er ni 18.18, temperaturen ute er +3 grader C, og det har snødd i dag, tung våt snø, som ikkje er sjarmerande i det heile tatt. Plogen har vore og lagt ein tung kant , men gata er skrapa og fin.

I dag har eg hatt ein skikkeleg sløv dag. Eg har gjort minimalt med husarbeid og anna. Har lagt i hop klede og vaska ei maskin igjen, og så har eg laga skikkeleg middag til meg sjølv. Eg har vel fått ein uvane med å late meg så lenge som eg måtte passe på handa mi. Den er bra  no, men ikkje heilt god, så eg må vere litt forsiktig.

Eg starta dagen med frokost -sjølvsagt, og så sette eg meg til å sjå MAKTA mens eg strikka. Det vart litt plunder med strikketøyet, så eg måtte sjå  om att episoden. Eg hadde ikkje tenkt å sjå den serien syntest ikkje det var så interessant, men då det leid på såg eg heile serien på kort tid. Det vart kjekkare. Eg likte så godt han som spelte Reiulf Sten- og sist fredag var han på Lindmo, veldig sympatisk skodespelar.I dag var det Gro og Kåre, det hugsar eg no, men elles er det lite eg hugsar frå politikken-det har aldri vore mi store interesse, Det var Nils og Margrete som var politikarar. Nils var i kommunestyret her i Ørsta og no er Margrete i formannskapet i Volda.

Så var eg ned og henta opp stigen så den ligg langs veggen, og no meiner eg at han er lang nok. Eg har skrive under på at eg skal ta ut soten ,men det hastar ikkje. Det er nede på kottet ved badet at vi tek ut sot, og Erlend har lova å hjelpe til med det. Han er hos Margrete no akkurat og passar hundar.

Eg laga god middag til meg sjølv i dag, eg orka ikkje å gå tur i dette veret, men eg kan no ikkje bli sittande i ro for lenge, og bilen må også få lufta seg. Han har stoppa opp 3 gonger i vinter fordi han ikkje har vore nok køyrd.

Men komande tysdag er det trening, og då skal eg køyre. Torsdagane er det Marit som køyrer, men det kan no hende at eg skuldar ein tur. Den 13. februar startar vi opp att med spansk, eg trur ikkje eg greier å lære så mykje meir, men det er no kjekt å vere der i lag med gjengen og drikke kaffi og prate.

Eg skulle sikkert ha begynt å vaske ned huset, men eg er ikkje heilt klar for det enno. Det er godt å ha to hender når ein skal vaske.

MGP gjekk som eg trudde,men eg er for gammal til å like songane og showet. Likevel var det no dei to eg likte best som gjekk til topps. Men eg synest det var kjekkare med Bobby socks og Alexander Rybak. Eg fekk ikke tatt bilde fordi det ikkje var straum på telefonen, men kanskje det kjem eit seinare.

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...