onsdag, november 01, 2023

Dagbok 2023: 1. november


 Klokkka er no16.40, temperaturen på trappa er minus1 grad og på skjermen min står det: "Snø i morgen". Ja, det blir vel ein gong slutt på desse fine dagane som vi har hatt, særleg vi som bur på solsida-siste dagane har det knapt vore ei sky på himmelen, og eg har slett ikkje lyst på snø no, det er for tidleg.

I dag  var det spansk-kurs, og det er no kjekt. Då eg kom heim gjekk eg ein tur på Vernet, Marit følgde ut Starevegen. I dag trefte eg ingen eg kjende, men ei dame kom bak meg og gjekk forbi på akkurat same plassen som ho gjorde i går; eg kjende henne att på kleda.

Då eg kom heim att styrte eg og rydda litt før eg tok meg mat. No har eg fyrt i omnen,  slepp å ha på varmeomn så lenge vi har sola. Det er ikkje så lenge sidan sola forsvann-men det er alt begynt å skymast. Dagane blir kortare og kortare no framover-nesten til jul. 

I morgon skal vi på trening, så då spørs det om vi må moke snø først. Eg ser fram til å få besøk av Rasmus i helga, han er framleis i Mo i Rana.

No skal eg rydde opp litt før eg set meg til å strikke. No strikkar eg lestar med tynt garn og fargar frå eit Van Gogh maleri. Det er Solveig som kjem med garn av og til- ho kjøper myke på nettet.




Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...