fredag, august 04, 2023

Dagbok 2023: 4.august


 Klokka er no17.12, temperaturen ute er + 20 grader C, sola skin og det blæs aldri så lite, men skodda ligg på lur og er på veg nedover fjellsidene. I dag morgon regna det litt men det er knusktørt i alle bed og åkrar.

Eg hadde ingen plan for dagen, og det var dumt fpor då får eg ikkje utretta så mykje. Då klokka var over 11 gjekk eg tur på Vernet, veret vart finare etter kvart, men det var ikkje så mange eg trefte der oppe i dag. Eg laga meg grønsakmiddag i dag også fordi eg måtte bruke grønsakene men dei var gode.

Etter middag bestemte eg meg for å rydde litt på tunet. Det har grodd opp mykje mellom singelen som ikkje skal vere der. Men så fann eg eit større prosjekt. 

Nils og eg i fellesskap hadde laga ein "mur" av stein mellom graset og singelen. NO hadde graset tatt overhand og mange steinar var blitt usynlege. Det måtte eg rette på. No har eg fått laus alle steinane og fått bort graset i singelen. Men det er ikkje så enkelt å få steinane i rett posisjon, så eg treng litt hjelp med å fullføre muren.Det var litt utfordrande for ryggen min, men når eg får kvilt litt, kjem den seg.  Etter at eg var ferdig med muren, spadde eg opp att den siste rhododendron-buska som eg hadde planta. Eg syntest at eg hadde planta den for nær garasjen, så eg flytta den litt fram. Denye plenen min begynner å få litt grønfarge, når eg såg etter var det visst mest ugras som var på veg, men der var også grasfrø som spirte. I morgon skal eg på ei lita handlerunde-trur eg. 

Det er snart tid for plenklipp også, men eg har ikkje bensin, så då må eg skaffe det. Graset veks frykteleg fort i dette veret . denne veka tok eg fredagsvasken på onsdag, så no er det ikkje så lett å halde orden på dagane, men det er visst nok fredag i dag, så då kan eg ønske alle ei god helg.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 8.januar

                                                     Eg stal dette bildet frå FB..Slik var det her i dag Klokka er no 19.54, temperaturen ut...