lørdag, august 05, 2023

Dagbok 2023: 5.august


 Klokka er no17.30, temperaturen ute er +15 grader C. Det er opplett,men skodda er på veg, og med den kanskje ei regnbyge. Eg ser det er vått på asfalten av og til, men når eg grev i jorda er der knusktørt. I dag har det ikkje vore mykje sol, men det har vore fint og passeleg varmt. Eg er glad for alle dagar eg slepp å fryse eller bli våt.

Marit og eg tok ein tur på KIWI i dag føremiddag, og så vart vi sittande ei god stund i bilen etter at vi kom heim. No er Janne med fam. komne heim att. I går ettermiddag/kveld var Marit ned hos meg ei stund, så vi slpp å vere åleine viss vi ikkje vil.

Eg tok meg litt mat og så gjekk eg ein tur på Vernet. Der trefte eg Bjørg,  som eg har vore i lag med i styret i Pensjonistlaget. Ja, og så er ho no frå Eid - så vi hadde mykje å snakke om. Og så trefte eg ei lita gruppe , to menn og ei dame som eg også snakka med. Eg kjenner dei ikkje, men dei sa kven dei var og kven dei kjende på Vallbøen- og då var alt i orden. 

Eg syntest eg måtte gjere noko nyttig i dag, så eg tenkte eg kunne klippe kantar. Eg har to kantklipparar, den eine kjøpte eg i fjor så den er heilt ny. Eg prøvde begge to i to ulike kontaktar, men fekk ikkje liv i dei. Eg forstår ikkje kva som gjer det, men det får eg forske ut seinare. Eigentleg skulle eg ha klipt plen, men eg har ikkje kjøpt bensin enno. Viss ein ikkje kan bruke vanleg bilbensin lenger så må eg finne ut kvar eg får den rette.

Eg klipte ein god del med vanleg saks, så litt fekk eg gjort i dag også.  I dag letta eg på greinene på mi einaste ripsbuske og der var det mykje fine bær. Eg plukkar bær kvart år og frys, men eg trur mesteparten av bæra blir lagra i frysaren for godt. Eg kan godt plukke ripsen viss Solveig eller andre vil ha den til saft. Eg likar ikkje å rense bær men plukke dei kan eg gjere. Eg har fine solbær også, men dei trur eg skal få henge litt lenger. Stikkelsbær er det ikkje problem med, dei et eg etter kvart. Det samme er det med jordbær og bringebær.

Eg går kvar dag og tenkjer på at eg skal ta ein tur til Volda og på Plantasjen, men så blir det ingen ting av.

Og så tekjer eg på at sommaren snart er slutt. Neste veke blir det trening på meg og snart begynner skuleåret. I gamle dagar, då eg gjekk på skulen, begynte vi alltid 1.september, så då var somrane litt lenger enn no. No skal eg lage meg litt mat før eg set på TV-en.


Dette er utsikta når vi sit på benken på Vernet. Vi ser heile Ørsta sentrum og enda vidare,

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 4.mars

 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+7 grader, det har vore overskya i dag, men sola kom fram litt no på ettermiddagen; som de ser på bi...