torsdag, august 03, 2023

Dagbok 2023: 3.august

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er + 19 grader C, det er delvis skya og opphaldsver, tidlegare på dagen hadde vi sol og fint ver.

For å teste føtene mine gjekk eg tur på Vernet  på føremiddagen, og det gjekk heilt fint. Men eg trur det blir bra å begynne på trening igjen neste veke.

Eg hadde ikkje bestemt meg for kva eg skulle bruke dagen til, men tok i alle fall ein tur på ALTI-utan hugseliste gløymde eg i alle fall ein ting eg skulle kjøpe.

Då eg kom heim laga eg meg middag, i dag vart der rå grønsaker med fetaost, det var lenge sidan eg hadde hatt det no. 

Etter middag sat vi på altanen til Marit og prata. Eg hadde med meg strikketøy, men det vart ikkje strikka. Eg har gått og luska inn på Europris mange gonger for å sjå om dei hadde fått att garnet som eg hadde fått litt for lite av til eit lestepar, og i dag endeleg hadde dei rette sorten. Men eg skulle ha vore til Volda og kjøpt skikkeleg fint garn, for eg har ei venninne som ønsker seg lestar og ho strikkar ikkje sjølv .

Det begynte å blåse og det vart kaldt å sitte ute, så eg gjekk ned att til meg sjølv. Tenkte eg skulle gjere noko nyttig, så eg vaska og rydda eit par skuffer på kjøkkenet. Så stilna vinden og eg gjekk ut og klipte gras for hand, rundt jordbæråkeren og  bærbuskene. Heilt ferdig vart eg ikkje for eg ville inn att til nyheitene klokka 19.

Når ein har hage blir ein aldri arbeidslaus og no ser eg at det er tid for å plukke bær. Solbæra ser bra ut, men eg har ikkje sjekka ripsen, eg håper ikkje der er like mykje som i fjor.

No skin det visst opp att, men det er litt seint å starte på nye prosjekt no.I år føler eg at vi har sommar- det hadde vi ikkje så mykje av i fjor.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 7.januar

Fonnavegen Klokka er no 18.20, temperaturen ute er minus 4 grader C "Kaldt ver " står det på PC-en . Ja, det er vel litt kaldt, me...