Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 23 grader , det er skyer på himmelen, men mest sol.
PÅ føremiddagen i dag var eg aktiv, eg tok "fredagsvasken" i dag, det har blitt litt uorden i rutinane mine no i sommar. Eg skulle spyle trappa og litt av husveggen også og då kom eg på at eg kunne ta bilen med det samme, den vart både vaska og støvsuga. Ja, det var ikkje for tidleg.
Mens eg styrte med mitt, jobba både oppvaskmaskina og klesvaskemaskina så eg fekk litt jobb med å ta ut av maskinene. Til middag i dag vart det restar frå i går. Etter middag vart er så sliten og trøtt at eg la meg ut på solsenga for å kvile. No er eg oppe igjen, og eg ser ting eg skulle ha gjort i hagen, men eg klarer ikkje å komme over alt kvar dag.
Det kan hende eg svippar over gata og sit ei stund med Marit på altanen hennar, der er det så fint om kvelden. Det blir ikkje tur på Vernet i dag, eller nokon annan stad. Himmelen i vest.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar