lørdag, juni 10, 2023

Dagbok 2023:10.juni


                                                        To slike tok eg med heim

Klokka er no 18.06, temperaturen ute er +25 grader C og vi har hatt ein nydeleg sommardag, den første i år, eller kanskje 2. - det var no fint i går også.

Marit og eg hadde avtale om å handle blomster hos Urke-gartnaren, og så fare på gravplassen etterpå. Og vi for herfrå klokka 11, Marit køyrde. Eg fann ikkje akkurat det eg ville ha, men eg sette no ned ein ny blomst, og tok dei gamle med heim. Eg må kjøpe noko meir når eg finn det eg vil ha. Vi handla på KIWI før vi for heim. Eg laga meg grønsakmiddag i dag. Eg skulle opp til Marit og drikke kaffi klokka 15, men før det, fekk eg tid til å styre litt i hagen, plante, rense ugras og vatne t.d. Eg trur det er berre eg som vatnar, men det trengst for det er tørt i jorda.

Marit og eg sat på altanen hennar og drakk kaffi og prata i to heile timar, det var varmt og herleg å sitte ute.

Etter at eg kom ned att har eg styrt litt meir i hagen og vatna enda ein gong. Eg har tenkt ut noko stille arbeid som eg kan gjere i morgon viss det blir fint då også.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag, har litt trøbbel med knea, så det kan hende dei har godt av å kvile ei stund. No blir det vel å vere inne og sjå TV resten av dagen /kvelden.Men først må eg tømme oppvaskmaskina .



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...