fredag, juni 09, 2023

Dagbok 2023: 9.juni


                                Slik såg eine lupinåkeren ut i dag.

Klokka er no17.16. temperaturen ute er + 24 grader, det varmaste vi har hatt hittil i år. Det er heilt nydeleg med sol og sommar. 

Eg har ikkje vore så veldig aktiv i dag, men eg fekk no tatt fredagsvasken ganske tidleg  på dagen. Etterpå planta eg i kjøkkenkassane. Eg kjøpte nye i fjor og kasta dei gamle. Det angrar eg på no, for dei eg kjøpte er så tynne og veike at dei kan gå sunde berre ein tek i dei. Plantinga var ikkje heilt vellykka, men eg skal kjøpe meir blomster og ha oppi- Eg brukte mold frå eigen kompost  pluss litt kjøpt kugjødselkompost. Eg vatna litt i hagen og tok ut og dusja bilen med det samme.

Ja, eg kunne no ha gjort mykje meir ute, men eg tek litt kvar gong eg går rundt huset. Eg rotar på litt meir no når eg ikkje har folk i kjellaren.

Eg laga ikkje  middag i dag, får heller lage noko godt til kvelds. Eg hadde nemleg ein sudoku som berre så vidt var påbegynt. Orka ikkje å ta den heilt ut seint i går kveld. Det gjekk ikkje så glatt i dag heller, men eg kom i mål då eg sette meg ut på altanen. Eg brukar sudokuane til hjernetrim, og det er litt viktig for meg å kunne seie at eg har løyst alle sudokuane som har vore i Møre-Nytt- så langt.

Eg har ikkje gått tur i dag og eg veit ikkje om eg kjem til å gjere det. Men i morgon skal eg ha meg ein runde på butikkar etc.

Denne helga er det nynorsk festspel i "Ivar Aasentunet" og elles i Ørsta. Her er sikker mange tilreisande, men eg plar ikkje vere der no når eg er åleine. Nils og eg var der nokre gonger mens han var frisk. Men det kan no bli kjekt både for ørstingar og tilreisande viss vi får så fint ver . Der er kanskje tilreisande  som eg kjenner. Tenkjer på foreldra til Olaug Nilsen t.d.

Skal ein tur på Askjellhaugen også i løpet av helga.Eg er redd for at der begynner å bli tørt. Eg vart litt overraska over kor tørt det er i jorda her i hagen, for eg synest no vi har hatt nok regn.

Så er det altså fredag igjen og dei som er i arbeid kan få litt fri. Eg ønsker i alle fall alle som er innom bloggen ei god helg!

                                           Og slik var den andre.

Ps: det vart ein snartur på Vernet i dag også, det var varmt ,og svetten renn.Eg gjekk mot sola i dag, eller feil veg kan ein også seie. Eg tok mange bilde , men berre nokre få var det blitt noko av. Elva var kjempestor i dag, så det er tydeleg at snøen smeltar i fjella.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...