torsdag, juni 08, 2023

Dagbok 2023: 8.juni


Klokka er no 18.13, temperaturen ute er + 18 grader C, og vi har hatt ein strålande dag.

I dag var vi på trening 10-11, så var vi ein svipptur heim så Marit fekk sett til dyra sine, før ho køyrde bort på Plantasjen. Eg visste som vanleg ikkje heilt kva eg ville ha,men eg skulle i alle fall ha plenfrø og litt kugjødselkompost. Så kjøpte eg eit par potter med prestekragar som eg skal ha utanfor kjøken- glasa. Men andre plantar vil eg heller kjøpe med gartnaren frå Urke. Han kjem til Ørsta kvar vår og har utsal i den gamle gartnarhallen.Dit skal vi ein annan dag. Eg var budd på at plantane også har stige i pris og eg tok ikkje feil. Elles føler eg at vi ligg litt etter med hagestellet i år, det vart ein sein vår.

Då eg kom heim vart det litt middag og så la eg meg rett ut på solsenga på altanen -og sov. Då eg vakna att og fekk meg litt kaffi, greidde eg å komme meg ut og jobbe litt. No har eg sått grasfrø i det som var bringebæråker og så plussa eg på med kugjødselkompost. Eg såg at det var veldig tørt alle stader, så det vart til at eg tok slangen og vatna heile tomta. No har eg litt å gjere på kjøkkenet før eg tek heilt fri, eg har ikkje vore så effektiv i dag som eg har vore før i veka.

I kveld kjem eg til å gå inn på Møre-Nytt og hente ut sudokuen-det er kl.10. Og eg plar komme i mål før eg legg meg-


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...