onsdag, juni 07, 2023

Dagbok 2023: 7.juni

                             43 trinn utan stopp i dag også


Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 13 graderC, det er overskya, men opplett. Slik har det vore i heile dag.

Eg var ikkje oppe så tidleg i dag, men eg kom meg no i arbeid ikkje så lenge etterpå. Idag var det plenklipp. og eg klipte alt eg har av plenar, med unntak av plenen ovafor garasjen, den klipte naboen. 

Etterpå tok eg ut kantklipparen og brukte den her og der, men så vart det slutt på sen-og eg kan ikkje å sette i meir- Eg kjøpte denne kantklipparen heilt på tampen av sommaren i fjor så eg har ikkje brukt den så mykje enno.

Gjorde litt anna forefallande hagearbeid, der er mykje å ta av. Det vart middag litt seinare enn vanleg, eg rakk å dusje mens eg kokte ris i microen. 

Turen til Plantasjen er utsett til i morgon. Eg hadde ikkje tenkt å gå påVernet sidan eg hadde klipt, eg brukar ikkje å gjere det, men eg syntest eg hadde så mykje tid til overs at eg ville ta ein tur, får heller skulke i morgon. Eg er så sjeleglad for at eg er såpass i føtene at eg kan gå tur. Eg tenker på alle dei åra eg var så plaga at eg nesten ikkje kunne gå i det heile tatt.

No skal eg snart sjå nyheiter igjen; det er no berre sorgen. Desse siste 2-3 år har det vore noko heile tida, korona, krig, jordskjelv og ulykker heile tida. Men det er ikkje mykje vi kan gjere for og imot.

I mmorgon er det altså trening, og etterpå køyrer Marit til Plantasjen.

Her kan vi sjå ned på Vikemarka skule, Der er fleire bygningar , og ei fin grasbane, den blir lagt om til skøytebane om vinteren-viss veret er kaldt nok.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...