Klokka er no 17.11, og det går mot kveld etter ein nydeleg dag. Eg er glad for kvar fineversdag vi får, og kan nyte. Marit og eg skulle fram på gravene i dag og sjå om det var råd å pynte opp. Vi kom oss ikkje av garde så tidleg, så eg fekk tid til å felle av ein lest først. I dag fekk eg rydda på grava, tok bort julekransen og sette att korga med stemorsblomster. Eg hadde ikkje med telefonen så eg fekk ikkje ta bilde. Etter at vi hadde vore på gravplassen handla vi enda litt på KIWI.
I dag har det einaste oldebarnet mitt fødselsdag, han fyller 3 år. Eg vil ikkje legge ut bilde av han utan at eg har spurt foreldra.
Fredag skal eg ut til Hareid og feire han der også. Barna til Margrete er heime på ferie, så eg reknar med å få besøk av dei i løpet av påska.
Det blir mykje å gjere både inne og ute no når våren kjem for alvor. Eg ser no fram til å få rydde opp både her og der viss er greier det. Eg er eitt år eldre enn i fjor, så det spørs.
Resten av denne dagen går vel med til strikking og TV-som vanleg.
Eg hugsar frå mange år tilbake at onsdagen før skjærtorsdag var ein god dag, då gjorde eg siste førebuingane før påske og såg fram til mange fridagar.
Somme år reiste vi til Solund i påska og det var veldig kjekt, for der ute var våren komen lenger enn her. Det var mange der ute som hadde fødselsdag i påsketida, og det var no ekstra kjekt. Påska1999 fylte mor til Nils 90 år, då var vi der alle. Året etter døde ho. Ja, no begynner eg visst å minnast opp att mange påsker i Solund, men det får eg ta att ein annan gong.
Håper alle har det bra der dei er. Og det er vel no vi skal ønske alle ei God Påske.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar