onsdag, april 26, 2023

Dagbok 2023: 26.april

Klokka er no 17.06, temperaturen ute er + 6 grader, det er mest overskya, og det er kald vind. I dag tidleg då eg stod opp låg markane kvite, men no er nesten all snøen vekke igjen.

I dag tidleg hadde eg planen klar og då blir det gjort noko. I dag hadde eg som mål å vaske "ned" kjøkkenet: tak, vegger  etc. Inne i skapa har eg vaska før så det slapp eg. Heiv gardinene inn i vaskemaskina, og då eg var ferdig å vaske, kunne eg henge dei opp med det same. Eg gjer det slik med stovegardinene også, og dei blir finare på denne måten enn når eg stryk dei.Då eg hadde fått alt på plass åt eg litt før eg gjorde meg klar till ein runde på Vernet. Det er no bra trim å gå opp og ned ei gardintrapp nokre gonger, men eg hadde meir energi igjen så eg tok "strafferunda" i dag også.

Men dagen er no ikkje heilt over enno, eg har ei oppvaskmaskin som skal tømmast og så  greidde eg ikkje å la vere å begynne på ein lest i går kveld. Når det igjen blir finever , kan eg ikkje gå inne og styre, derfor prøver eg å gjere mest mulig inne når det er kaldt og surt eller regn ute. I morgon er det trening igjen, det er no litt sosialt det også.

 




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...