mandag, april 17, 2023

Dagbok 2023: 17.april


 Klokka er no 17.3, temperaturen på trappa er +15-16 grader C. Det har vore ein utruleg fin dag, reine sommardagen, spør du meg.

Eg vakna tidleg, som vanleg, men i dag var eg så låk i venstre foten at eg måtte berre stå opp og komme i bevegelse, for det hjelper.

Eg hadde ikkje plan for dagen, men på denne tida av året er det lett å finne oppgåver. Eg var mest muleg ute,  reinska ugras, tok opp løvetannrøter etc.etc. Det er ikkje så gale i hagen i år, likevel er det mykje som står på vent. Eg fekk gjort diverse ting inne også. Eg skulle ta vaksine kl.15, så eg heldt meg heime til den tid. 

Eg var mellom dei første som kom på Helsehuset, derfor fann eg parkeringsplass og slapp å stå så lenge i kø, trur ikkje det var stort meir enn 10 som kom før meg i køen. Då eg kom ut att frå vaksineringa var køen så lang som eit vondt år. Eg  hadde fått beskjed om å sitte i ro i 20 minutt. Det har eg fått på alle vaksineringane, men eg har aldri sete tida ut. Der var fullt overalt, så eg tenkte at eg like godt kunne sette meg ut i bilen- og sitte der i 20 minutt? Nei, eg fekk no rygge bilen så den stod rette vegen, og då kunne eg like godt køyre ned på ALTI og sitte der og vente. Det blei ingen ventepause på meg nei, eg gjorde ferdig ærenda mine, og så køyrde eg heim. Der var veldig mykje trafikk akkurat då, men alt gjekk bra. Det var mi 5. sprøyte mot Koronaen. Marit fekk si 6. Ho hadde eit anna ærend, derfor køyrde vi ikkje i lag. Men i morgon er det trening, og då skal eg køyre begge.

Eg hadde tenkt meg ein tur fram på grava i morgon, for då er det 5 år sidan Nils døde. På heimvegen stakk eg bort og ville sjå kor det stod til med blomstrane. Dei var nesten visna, eg har ikkje tenkt over at det har vore så mykje opplett. Eg skulle vatne blomstrane, men dei hadde ikkje skrudd på vatnet enno, så eg måtte ta blomstrane med heim. Kanskje kan dei vere her  viss eg får tak i noko som eg kan plante i jorda der framme- Får sjå i morgon.

Eg har drive og skrapa på malinga på altanrekkverket. Eg hugsar at vi ein gong i tida hadde eit verktøy som vi kunne få vekk maling etc. med. Det vart øydelagt, men det går vel an å kjøpe eit nytt. Eg var oppom Clas i dag men spurde ikkje der, må vel på Jernia.

I dag har eg ikkje gått på Vernet, eg tenkte å spare foten min, men no har eg veldig lyst å gå tur. Kanskje ein tur i hagen?




Dei kviknar til-stemødrene, men eg trur eg vil ha dei her heime og finne noko anna til grava.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...