lørdag, mars 25, 2023

Dagbok 2023: 25.mars


 Klokka er no 15.40, temperaturen ute er +4 grader og sola skin frå nesten skyfri himmel. Ein nydeleg dag, men kaldt. Inne i huset varmar sola betre enn ute. i dag tidleg vakna eg veldig tidleg, men stod ikkje opp. Fekk sove ei stund til før eg stod opp litt før klokka 7. I kveld skal vi stille klokkene, og då kan det hende at klokka er meir når eg vaknar. Eg er klar over at det å vakne for tidleg er eit luksusproblem.

I dag har eg vore mykje åleine  for Marit er ikkje heime, så eg får klare meg sjølv.

Eg sat og såg TV ei stund og la opp eit nytt lestepar. Så ville eg gå ein tur på Vernet i det strålande  vêret. Naboane hadde alt vore ein runde. Eg tok ikkje på meg piggsko i dag for eg trudde der var bert der oppe også. Det var der ikkje.Der var snø og is som det var godt nedfrose. Eg vurderte å ta ein annan tur, men så hadde eg lyst å gå på Vernet. Eg gjekk seint og forsiktig og heldt meg delvis i rekkverket . Det gjekk veldig seint, men mange kom og gjekk forbi meg og prata litt. Eg sat også på benkane og "kvilte", for det var viktigast å få vere ute. På bildet over ser de korleis det såg ut på den øvste vegen- 



Eg kom meg opp trappa og på vegen nedover var det bra å gå. Men eg vart sittande lenge og prate med ein mann som viste seg å vere presten i bygda. Eg har berre sett han i presteklede, og i dag hadde han jakke med Hovdebygda fotballklubb- eller noko slikt. Dessutan er eg veldig dårleg på å kjenne att folk, eg har alltid vore det, men Nils kjende alle, så då merka eg ikkje så mykje til det.

Då presten gjekk, kom Sverre Snipsøyr og tok plassen hans, så fekk eg høyre korleis han og Else har det. Sverre er så flink å gå og sykle og slik held han seg "frisk".

Eg stressa ikkje med å komme heim, for det var så fint å vere ute. Tok meg ei brødskive og ein kaffikopp, før eg la ut på ein annan tur. Eg køyrde fram på gravplassen og såg til grava, men der var det så mykje snø, at det var ikkje noko eg kunne gjere, anna enn å byte til nye batteri i lykta. På heimvegen handla eg litt på KIWI, eg forstår ikkje kven som et opp alt eg kjøper, for eg er her no mest åleine.


Då eg kom heim att fekk eg til å spade fram hageslangen som har lagt under snøen denne vinteren også. Ser fram mot å få spyle både vindu og anna-der er eit visst behov !

Det er kjekt viss vi får litt vekslande ver, for spanskleksa denne gongen er å skrive "vermeling" for alle dagane i veka. I dag er det lett:" Hoy hace sol".

Det er så nydeleg ute og snøen smeltar på altanen-men det går ikkje fort når det er såpass kaldt. Komande veke blir det å førebu påska, for då kjem dei heim dei fleste av barnebarna++Kjekt det!



Ingen kommentarer: