Klokka er no17.00, temperaturen ute er + 1gradC og i dag snør det noko alvorleg.
Det har lava ned nesten heile dagen, men mellom bygene har det vore litt sol.
Vi har vore nokså fornøgde med vinteren hittil i år, ikkje verken særleg mykje snø og heller ikkje kulde. Og no var vi komne til mars og då skulle det bli vår.
Det begynte å snø i går og eg tenkte som så at då kunne eg bruke søndagen til å moke snø i staden for å gå på Vernet. Etter frokost kledde eg meg i arbeidsklede og gjekk ut og begynte å moke tunet. Det gjekk rimeleg bra, og eg fekk med det meste, det som låg heilt oppe ved vegen tok naboen med fresaren. Sola kom fram ei lita stund, og eg gjekk inn att ein tur. Då begynte det å snø igjen- enda meir enn før, og bygene kom tett. Det var ingen vits i å gå ut og moke igjen. Akkurat slik var det i fjor vinter også -langt ut i mars månad. Det som er litt trasig er at eg må moke heile tunet viss eg skal ha ut bilen, og det vil eg no gjerne. I alle fall på tysdag for då er det trening. Eg fann ut at det var ikkje så nøye med å moke meir i dag, får vente til det sluttar å snø.
Eg gjekk inn og laga meg god middag i dag. Eg brukar ofte å ha steikt ørret til søndagsmiddag, men dei hadde ikkje på butikken sist eg var der så eg kjøpte laks i staden. Den er ikkje så god som ørreten, men den er ikkje så verst. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i stova og slappa av. Eg trur eg sovna litt i dag også, men eg hadde i alle fall sett frå meg kaffikoppen. Etterpå strikka eg ferdig eit lestepar og festa trådendane.
Eg skulle vel vore ute og gått ein tur, men eg har rett og slett ikkje lyst, så det får vere til i morgon. Eg har garn og pinnar +TV så då greier eg meg godt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar