torsdag, mars 23, 2023

Dagbok 2023: 23.mars

                              Godt å sjå at snøen blir borte på tunet og på taket

 Klokka er no 16.50, temperaturen ute er +8  grader. I dag tidleg då vi for på trening, regna det litt, etter treninga var det nydeleg ver og sol, men no har det skya over igjen. Det ser ikkje ut som om sola likar oss i år, ho varmar ikkje lenge om gongen. Men no har ho endeleg greidd å smelte litt av snøen.

Det var Marit som køuyrde til treninga i dag. På heimvegen stoppa vi og handla på KIWI,dvs. eg skulle ikkje ha noko, men vart med inn og kom ut att med to fulle plastnett. Eg tenkte på at det var snart påske, og då må ein ha litt av kvart i hus. Då eg kom heim ville eg ta trimturen mens eg var kledd for det, eg prøvde først på Vernet, men der var det for mykje snø, så eg tok ein tur på gatene/vegane i staden.

Då eg kom heim att laga eg meg middag av kyllingkjøtt og ris. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen og slappa av, sola skein og det var varmt og godt om altandøra stod open. Då eg kom til meg sjølv igjen var sola vekke og det var heller kaldt i rommet.

Kvar torsdag føler eg på at veka har vore veldig kort. Det er ikkje til å forstå, men alle seier det samme: Tida går fortare til eldre ein blir. Denne veka har eg vore mykje på farten, og då får eg ikkje gjort så mykje heime. 

Her er nok å ta tak i. Eg ventar på at snøen skal smelte så eg får tak i hageslangen og spyla vindua utvendig. Eg har mykje som skal gjerast men eg får ikkje gjort så mykje som eg vil-og som eg gjorde før. Eg får skulde på alderen. Apropos alder så skal alle over 70 år få enda ei vaksinesprøyte mot Corona. Marit og eg er alltid samde om at vi tek alt vi får av vaksine, og hittil har ingen av oss fått coronaen. Eg har ikkje testa meg ein gong. I dag tek eg det med ro og let husarbeidet ligge til i morgon, då er det "heimedag."


                                     Ingeborg fyller 30 år i dag.

                                Ho er den 3.eldste av barnebarna

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...