tirsdag, januar 31, 2023

Dagbok 2023: 31.januar


 Klokka er no16,45, temperaturen på trappa er +2 grader. I dag morgon var det nesten regn, men no ser det ut til å klårne opp, då blir det vel kaldare , men vi får sol. Eg har alt snudd kalenderbildet over på Februar.

I dag var det min tur å køyre på trening, men sidan det var moka oppe hos Marit, tilbaud ho å køyre. Eg er ikkje så flink å moke i år som eg var i fjor. Det har med ryggen å gjere. Men då vi kom heim att var mykje av tunet mitt moka, så no trur eg at eg kjem ut med bilen om eg vil. Det er sikkert ein av naboane som har hjelpt meg igjen. Marit og eg handla litt på KIWI i dag også, men først var vi innom apoteket.

Då eg kom heim såg eg litt på TV før eg laga meg mat. Eg hadde tenkt å gå ein tur etterpå, men så måtte eg ha litt kaffi først. Og då var det gjort. Eg blir så sigande trøtt når eg er mett at eg søv eller "halvsøv "så snart eg set meg inn i stolen. Og så syntest eg ikkje der var varmt, enda eg hadde fyrt godt i omnen, så eg var ut og henta meir ved. I dag gjekk eg i ein genser som ikkje var ULL-eg trur det er derfor eg er frostig, så eg skal byte om til den gamle oransje kofta mi-det er den eg likar best å ha på meg heime, eg har slete hol på begge albogane, men strikka nye ermar. Eg må seie at den er velbrukt. Eg har tre andre kofter som er uskada.

Bodil informerte meg om at raset på Eid ikkje gjekk på Torheim, men på Taklo. Taklo ligg på sørsida av fjorden og er ikkje så lagt frå sentrum, men på TV seier dei heile tida Torheim. Torheim ser ein ikkje frå sentrum.

Då eg sette meg til å skrive var det heilt lyst ute, no er det skymt, men det er opplett.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...