mandag, januar 16, 2023

Dagbok 2023 : 16.januar


Klokka er no16.42, temperaturen er minus 2-3 grader C, og det har vore ein nydeleg dag med litt nysnø og sol. Ja, det er no ikkje alle som får sola inn til seg enno, men det kjem seg litt om senn: Eg gjekk ein tur på føremiddagen og då gjekk eg opp Storebakken, og på toppen fekk eg sjå heile sola for første gong i år. Slikt ver kan vi gjerne ha ei stund. Eg gjekk i piggsko i dag også, då går eg trygt-men ikkje fort.

Eg skal innrømme at eg ikkje er så flink i historiefaget, til tross for at eg har grunnfag i historie med bra karakter. Ei av hendingane i andre verdenskrig har alltid vore litt diffus for meg,  det var mykje derfor eg valde å sjå filmen "Kampen om Narvik" i dag. Marit og eg hadde avtalt og Marit hadde bestilt billettar. Filmen skulle begynne klokka 13.30, men når det er Dagkino har dei ofte kaffi og kaker før filmen tek til. Derfor samlar vi oss i foajeen og pratar med kjende og ukjende. Det er no mest pensjonistar som går på kino midt på dagen.

Filmen varte minst 2 timar, men det var full fart heile tida. Eg kan med handa på hjartet seie at det er den beste krigsfilm eg har sett. Og eg har sett mange. Eg meiner denne filmen var så ærleg som han kunne bli, ingen heltar eller skurkar her. På teksten etter filmen fekk vi sjå korleis det gjekk med byen Narvik seinare i krigen, filmen handla om det som hende i 1940. Eg trur at alle som var der fekk ei ekstra sterk oppleving i og med av vi kvar dag ser bilde av det som hender i Ukraina. Krig er ikkje berre på film.

Det var Marit som køyrde i dag, og då vi for heim att ca kl.15.30 var det framleis lyst, så det går framover.

Då eg kom heim, la eg to poteter i mikrobølgeomnen, før eg varma siste resten av middagen frå laurdag. Etter tre dagar er eg ferdig med Gildes medisterkaker-men dei var no ikkje så verst. Når eg går tur før middag og så på kino etterpå sparer eg mykje ved, men no har eg kveikt opp i omnen, og så skal eg legge opp enda eit lestepar. I morgon er det trening, og då skal eg kanskje sjå meg om etter meir garn også.


                                       Det er no fint med snø og sol ?

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.februar

                                  Vegen frå meg til Marit er framleis isa og glatt Klokka er no 18.23, temperaturen ute er +6 grader og det ...