tirsdag, september 06, 2022

Dagbok 2022: 6.september


Denne rosa heiter Leonardo da Vinci. Eg har to slike, den eine har blomstra sidan juni månad, men denne har nyss begynt. Eg har hatt desse rosene i mange år.

Klokka er no 17.10, temperaturen på trappa er + 21graderC og eg sveitter. Ikkje på grunn av temperaturen , men fordi eg nettopp har vore ute og klipt Skråninga- 

I dag tidleg var eg spent på om "takmannen" kom, det gjorde han ikkje. Han hadde ringt meg på mobilen akkurat mens eg var på badet, så eg såg det ikkje før seinare

Eg har hatt ein nokså aktiv dag til denne tid. Var oppe relativt tidleg, som vanleg, og gjorde meg klar for trening. Då eg kom heim ringde eg opp att til "takmannen" . Det var samme skuldra som sist han hadde fått trøbbel med, men han håper på å komme inn att i slutten av veka. Taket er ikkje meir enn halvferdig, så ein kan ikkje sette til vinteren med det. 

Så lessa eg inn i bilen 6 sekker med hageavfall og to sekker med bygningsavfall og køyrde bort på VØR med det. Eg trur eg har vore på VØR nesten kvar veke i heile sommar, men eg kan ikkje kompostere alt hageavfallet-det går ikkje. Eg handla på heimvegen og laga meg litt mat då eg kom heim. Etterpå vart det pause før eg begynte å klippe.

Det er finare i hagen no enn det har vore før i sommar, og nokre busker som har sett litt trasige ut står no og blomstrar. Bær er det ikkje mykje att av, det einaste er svartsurbæra, dei er ikkje så gode, men fulle av C-vitamin og antioksydantar, derfor et eg litt av dei også. 

No er eg ferdig med hagearbeidet for i dag, viss eg ikkje finn ut at eg må vatne. No går det i klesvask, eg har hengt ut ei maskin, og sett på nr. 2. Tørketrommelen er ikkje komen i hus enno, men det går veldig fint å tørke ute no

Det kan ikkje vere så kjekt for andre å lese om alt eg styrer med, men det er kjekt for meg å informere om at eg klarer meg rimeleg godt åleine her, til tross for alderen. Men den er no berre eit tal, seier mange, men det er faktisk ikkje tilfelle.

Eg skal sjå om eg fonn noko å ta bilde av ute. det blei til at eg vatna litt også.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...