fredag, mars 11, 2022

Dagbok 2022: 11.februar


 Klokka er no 17,20, temperaturen ute er + 11 grader C og sola har skine frå skyfri himmel i heile dag. Dette er det eg kallar ein bonusdag. Rett etter frokost begynte eg på fredagsvasken som ikkje var verre enn vanleg. 

Etterpå var eg i hagen og klipte ned dei visne klematisane og fylte opp nokre sekker med hageavfall. Må snart ein tur på Vør, for nokre sekker  stod att frå ifjor haust. Eg tok også ein liten jobb med spaden og knuste  is og snø framfor trappa, for der skin ikkje sola på denne tida av året. Eg vil gjerne ha der bert så ikkje folk dett og slår seg.

Då eg kom inn att sette eg  risgraut på kok mens eg las det meste i Møre-Nytt som kom i dag. Reidun Åmbø (Langvatn) hadde skrive ei oversikt over historia til Ukraina, og  Jan Peter Lannerholm uttaler seg om kva vi kan gjere for flyktningar frå Ukraina, kona hans er derifrå.

Eg vart både trøtt og mett då eg hadde ete grauten, så eg gjekk ut og la meg på solsenga på altanen-og sovna der, utan dyne eller noko over meg - det var varmt nok .

Då eg kom inn att lurte eg på om eg skulle gå tur- eller støvsuge i stova. Eg fann ut at støvet kunne ligge til i morgon, så eg tok ein tur på Vernet. Men berre på muren, ikkje på bakvegen som sist.. Der var snø midt i vegen, men plass til å gå på grus på begge sider. Det er nesten synd å vere inne i slikt ver.

      Eg trur at dei som bur i Mosmarka har det finast av alle når det går mot kveld.



Som de ser minkar det med snø på tunet, men brøytekantane er til dels høge enno.

Det er fredag og helgekveld. Håper alle har hatt ein fin dag og så får vi håpe at vi får ei god helg.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...